Lars Håvard Haugen varta som vanleg opp med briljant gitarspel. Under jubileumskonserten avslørte dessutan løyndomen med den mystiske gitarstemminga på "Røta". Foto: Tor Folgerø

Terningkast seks!

For ein kveld, Hellbillies. Gje oss 30 nye år!

Hellbillies har alltid levert. Men aldri som på jubileumsturneen dei så vidt har starta på. Etter to konsertar i Drammen teater, var dei fredag klar for å servere heimepublikumet sitt i Ål kulturhus. Det vart ein kveld for historiebøkene.

Jubileumskonserten baud på eit stort utval av bandet sin rike katalog. Fyrste del var roleg og akustisk. Og etter kvart meir rocka låtar med tøffare drag. Foto: Tor Folgerø

Me har følgd hellbilliane frå den spede start 30 år attende. Frå dei tidleg på 90-talet gav ut amerikanske coverlåtar med morosame, norske tekstar. Til dei tre tiår seinare held posisjonen som eit botnsolid rockeband, like høgt respektert av mannen i gata som kresne konsertanmeldarar.

Spelte desse låtane

Eit skot te

Eit lite strå

Gamle spor

Hinman og eg

Den grå vegen

Pille med bråk

Kvilestein

Mørkemann

Du er den

Pela stein

Røta

Mot straumen

Søvnlaus

Båt på land

Den redde

20 år på vegen

Råka tå ei pil

Fossegrimlåten - med Arne og Arne

Rakafisk - med Arne og Arne

Slå hån

Finast eg veit

Krasafaren steinbu

Konserten baud på eit fantastisk utval av bandet sin rikhaldige katalog. Fyrste del roleg og akustisk. Med kjent repertoar, men også med låtar dei knapt har spelt live etter plateutgjeving. Slik som Den grå vegen og Gamle spor. Og etter kvart låtar med tøffare drag.

Les også
Fire nye låtar og 30.000 selde billettar!

Dette var kvelden der Hellbillies synte heile si breidde. Det slår ein kor mange gode låtar dei har laga. Her var det poesi og melankoli, tøffe beats og rått gitarspel. Heilstøypt levert, dønn presist, av fantastiske musikarar.

Etter 30 år som vokalist og frontfigur i Hellbillies, synte Aslag Haugen ei ny side av seg sjølv. Under jubileumskonserten var han meir personleg og baud på seg sjølv. Foto: Tor Folgerø

Hellbillies har alltid levert på det musikalske. Men på jubileumsturneen slepper dei seg også laus i møtet med publikum. For fyrste gong på 30 år er det ein personleg Aslag Haugen som fortel historier, lett og elegant. Han har publikum i si hule hand. Me får høyre om storebror Arne Sigurds Amerika-opphald som tilfører den unge Aslag musikk som pregar han resten av livet. Han fortel om kjærleikssongen han skreiv til ho han seinare gifta seg med. Han byr på historier og på seg sjølv.

Og veslebror Lars Håvard følgjer opp. Mannen bak Hellbillies-namnet. Han tek oss med i skapinga av det tøffe gitarriffet til Røta, og syner oss den magiske gitarstemminga som gjer låten. Bravo! Alt dette - og meir til - gjer kvelden komplett.

Les også
Smakebitane siv ut gjennom utette vegger

Herleg var det også då gamlekara vart kalla inn på scenen og hylla. Arne og Arne er Hellbillies-pensjonistar som strålte på scenen i lag med sine gode kompisar.

Det er ingen som sluttar i Hellbillies, dei går berre av med pensjon. På jubileumskonserten gjorde Arne Sandum (bass) og Arne Moslåtten (fløyte) comeback, her saman med frontfigur Aslag Haugen. Foto: Tor Folgerø

Lydmessig var konserten ei fantastisk oppleving. Her kunne me høyre og studere alle musikalske krumspring. Følgje presisjonen i spelet. Det var vart, og det svinga som berre pokker. Og ikkje minst kunne me lytte til tekstane. Berre det å få servert rekkja av sterke tekstar, frå tidlege til seine plater, gjorde kvelden. For ved sida av musikarane var det ein som sette sitt preg på konserten; Arne Moslåtten. Med sine heilstøypte, klisjefrie tekstar. Dei står seg for evig tid.

Her er fyrste del av Hellbillies-turneen

12. februar: Grieghallen, Bergen

14. februar: Førdehuset, Førde

15. februar: Opera Nordfjord, Nordfjordeid

19. februar: Dampsaga kultuhus, Steinkjer

20. februar: Olavshallen, Trondheim

21. februar: Kimen kulturhus Stjørdal

22. februar: Oppdal kulturhus, Oppdal

27. februar: Fosnavåg kulturhus, Fosnavåg

28. februar: Parken kulturhus, Ålesund

29. februar: Bjørnsonhuset, Molde

4. mars: Maihaugen, Lillehammer

5. mars: Hamar kulturhus, Hamar

6. mars: Fjellhallen, Gjøvik

7. mars: Oslo konserthus, Oslo

11. mars: Kulturhus, Moss

12. mars: Ibsenhuset, Skien

13. mars: Arendal kulturhus, Arendal

14. mars: Kilden Performing Arts Centre, Kristiansand

18. mars: Sandnes kulturhus, Sandnes

19. mars: Festiviteten, Haugesund

20. mars: Festiviteten, Haugesund

21. mars: Stavanger konserthus, Stavanger

25. mars: Larvik kulturhus Bølgen, Larvik

26. mars: Foundation Ringerike Cultural Center, Hønefoss

27. mars: Lillestrøm kultursenter, Lillestrøm

28. mars: Støperiet scene, Tønsberg

Artikkelen held fram under annonsen.

Hellbillies og brødrene Lars Håvard og Aslag Haugen leverte ein konsert for historiebøkene i Ål kulturhus fredag. Foto: Tor Folgerø

Så folkens; alle 30.000 som har førehandsbestilt billettar til jubileumsturneen: Gled dykk! Og har du ikkje skaffa deg billett, gå inn og sjekk kvar dei dukkar opp utover året. Denne jubileumskonserten må du berre ha med deg!

Les også
Sjå video: Endeleg var originale Hellbillies samla att: - Me har hatt ei lang reise saman
Les også
Ekte og ærleg i TV-ruta
Les også
Tar Hellbillies til teaterscena