Tek Sprang(et) - på nett

Den offisielle opninga av Sprang, eller landsdelsscena for dans, skjer laurdag kveld i form av ei liveframsyning på Hallingdølens nettsider.

Det er Ål kulturhus som inviterer på festframsyning. Dei kan ikkje invitere deg innomhus hjå seg, men dei tek med seg heile flokken med kjende artistar heim til deg.

Vegen frå idé til ferdig landsdelsscene i Ål kulturhus har vore lang og tidvis kronglete. Men no er ho endeleg klar til bruk. På nyåret tok dei fyrste dansarane ho i bruk til produksjonar og øving. Planen var ei storstilt opning med full sal. Det sette koronatida ein stoppar for.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me var i gang med nye produksjonar, då alt vart sett på pause. Me tenkte fram og tilbake på kva me skulle gjere med opninga, men fann ut at me berre må akseptere tida og tenke annleis. Me gjer det digitalt i samarbeid med andre, og lagar til ei skikkeleg opningsframsyning som om det hadde vore full sal. Den salen blir ikkje inne på huset, men ute i heile Hallingdal, seier kulturhusleiar, Anita Borrmann Skoglund.

I januar testa intruktørane Mikkel Aasberg Arnesen og Henrik Opheim Berg den nye dansescena med nokre unge elevar.

Kulturhuset byr på opningsfest med alt ein kunne venta seg av ein slik festkveld. Her kan du få med deg snorklipping, spel og dans, rett inn i di eiga stove.

– Det er kanskje ikkje heilt som me har sett for oss, men med mange vekers unntakstilstand har dei fleste kulturleverandørar vore nøydde til å tenke annleis. Ål kulturhus har ikkje hatt scenearrangement sidan først i mars. Alt er avlyst. Sjølv om dette er kritisk for alle som lever og åndar for kultur, har det samstundes skapt nye arenaer for samarbeid, seier Skoglund.

Les også
Dansarar i fullt firSprang

Dei er nøgde med opplegget, som er eit samarbeid mellom kulturhuset, Hallingdølen og lokale aktørar innan lyd og lys.

– Eg gler meg og trur dette blir veldig bra.

Kjende namn

På programmet laurdagskvelden står fleire store namn frå norsk musikk. Mange av dei har røter i Hallingdal og mange frå folkemusikken.

Eigentleg skulle det vore fullt av folk i Ål denne laurdagen, i samband med Folkemusikkveka. Slik vart det ikkje. Men folkemusikkinteresserte får eit plaster på såret gjennom festframsyninga. Leiar i folkemusikkveka, Silje Risdal Liahagen er programleiar for kvelden.

Valkyrien, med Tuva Livsdatter Syvertsen i spissen spelar på opningsfesten laurdag.

Ho har ikkje hatt vanskar med å få med seg aktørar til festkvelden. I løpet av kvelden skal mellom andre Valkyrien Allstars, Erlend Apneseth, Eilif Gundersen, Helga Myhr, Ulf Arne Johannessen, Jo Asgeir Lie og Martin Myhr på scena.

Artikkelen held fram under annonsen.

Erlend Apneseth er blant dei som skal spele under opninga av Sprang.

– Dette skulle vore festlaurdagen i Folkemusikkveka, så med tett samarbeid mellom Ål kulturhus og Folkemusikkveka har me kome fram til ei løysing som skaper ein litt annleis fest, men som me håpar at alle vil støtte opp om. På scena denne dagen står eit knippe artistar som vil vere med å feire den nye landsdelsscena for dans, og samstundes gje ein liten smak av Folkemusikkveka 2020, seier Skoglund.

Gir tilbake

Ho seier dei også har hatt inntektstap for næringa med i tankane når dei har planlagt kvelden.

– For Ål kulturhus og Folkemusikkveka har det vore vesentleg i planlegginga å ta omsyn til den vanskelege situasjonen alle ledd i kulturell næring står overfor. Mange har mista inntekter og levebrød, og me honorerer dei som skal ha honorar, seier ho.

Anita Borrmann Skoglund gler seg til å ta festframsyninga inn i heimane til folk.

For å hjelpe artistar innan folkedans- og folkemusikk har kulturhuset bestemt seg for å opprette eit eiget stipend. Gjennom Vipps håpar dei at folk i Hallingdal vil vere med å bidra til den nye stipendordninga, som blir tilgjengeleg under konserten laurdag.

– Målet er å samle inn ein pott som skal bidra til ein eller fleire nyproduksjonar, som folk kan sjå på Sprang under folkemusikkveka i 2021.

Variert bruk

Den nye scena skal etter planen brukast av utøvarar frå heile landet — frå lokale ferskingar, til tilreisande proffar. I tillegg til førestillingar, skal Sprang også brukast til utleige, produksjonar og kursing. Til dømes kan scenekunstnarar bruke både scena og tilhøyrande øvingsrom for å sette saman og øve inn ulike produksjonar.

– Bruken skal vere veldig allsidig. Svikten i golvet legg til rette for folkedans, same som på Riksscenen i Oslo. Me har tenkt fleirbruk kan justere rommet for at me skal kunne ha med så mykje som mogleg der, seier Skoglund.

Les også
Ho er tilsett som dagleg leiar i «Sprang»

Ho nemner alt frå danseøvingar- og framsyningar til konsertar av ulike slag, og foredrag og konferansar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Rommet skal brukast mykje, seier Anita Borrmann Skoglund.

Les også
Boksuksess på teaterscenen
Les også
Åleine i dansen