Josefine Frida Pettersen (i midten) har hovudrolla i Jorunn Myklebust Syversens Disco.

Syversen nominert til fem Amanda-prisar

Filmen Disco av Jorunn Myklebust Syversen har fått fem Amanda-nominasjonar.

Onsdag vart nominasjonen kjent. Filmen til Myklebust Syversens er nominert i klassane Beste regi, Beste foto, Beste skodespelar, Beste lyddesign og Beste maske/sminke.

Disco, Barn og Håp

I klassen Beste regi konkurrerer Jorunn Myklebust Syversen med Dag Johan Haugerud for Barn og Maria Sødahl for Håp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei same tre filmane er representert i klassen Beste kvinnelege skodespelar. Her er Josefine Frida nominert for rolla som Mirjam i Disco. Dei to andre nominerte er Henriette Steenstrup for Barn og Andrea Bræin Hovig for Håp.

Les også
Syversen til gjæv filmfestival

I klassen lyddesign er det Svein-Ketil Bjøntegård og Johan Rasmus Pram som er nominert for Disco. i klassen maske/sminke er det teamet bak Disco, ved Jorunn Myklebust Syversen.

Marius Matzow Gulbrandsen er nominert i klassen Bste foto for filminga av Disco.

Jorunn Myklebust Syversen.

Frå Gol

Syversen voks opp på Gol og står bak fleire suksess-filmar. Deriblant Hoggeren som vart spelt inn i Rukkedalen i Nesbyen. Disco handlar om den 19 år gamle dansaren Mirjam som veks opp frikyrkjemiljøet Friheten.

Les også
Regissøren: – Mottakinga har vore fylt av nervar og morosam

Den nasjonale filmprisen Amanda blir delt ut for 36. gong fredag 14. august i Festiviteten i Haugesund.