Det var liv på julejammen på Pers andre juledag i 2009 då Stig Nedreberg (t.v.) og kompani var på scena
Det var liv på julejammen på Pers andre juledag i 2009 då Stig Nedreberg (t.v.) og kompani var på scena

Snart klart for julejam

Hallingdal Musikkforum og Pers ­Hotell inviterer til årets julejam.

Anders Coucheron Medhus i Hallingdal Musikkforum garanterer god stemning 28. desember.

Tradisjonsrikt

– Det blir den tradisjonelle julejamen med husband. Me held på tradisjonar og skapar nye. Trekkplasteret vårt i år er Gaute Lein frå STAUT. Han skal dra toget. Så blir det lokale artistar, både store og små, seier Medhus. Det solide husbandet med blant anna Magne Frydenlund gjer det trygt på scena, og alle som vil, kan prøve seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det finst mange talent, og nokon treng å komme seg på scena for å kjenne korleis det er, meiner Medhus.

Forumpris

Den årlege forumprisen på 10.000 kroner går til eit lokalt namn, som førebels er hemmeleg.

– Prisen går til eit talent som har utmerkt seg, og nokon som bidreg med noko innan kultur og musikk livet i Hallingdal, seier Medhus.