Det er demoraliserande å sjå på ein fiskar som lykkast så til dei grader, og du sjølv ikkje kjenner nappet. Det veit eg av eigen erfaring.
Det er demoraliserande å sjå på ein fiskar som lykkast så til dei grader, og du sjølv ikkje kjenner nappet. Det veit eg av eigen erfaring.

Smygjakt på storauren

Fiskefeberen har festa grepet. Vêret har vore tørt og varmt over noko tid.

Insekta er komne for fullt. Ver – og temperaturtilhøva er ideelle for flugefiske. Det er tid for å freiste auren i Storelva med våtfluge. Eg byrjar ikkje fisket før natta sig på. Auren trekker ikkje mot land før mørket har senka seg.

På tur til elva kryssar eg eit jorde. Eg støkker eit rådyr som blir borte i kantvegetasjonen. Gauken gjel av full hals, og svalene svirrar i lufta. Dei flyg høgt, og melder såleis om fint ver. Ei bedøvande lukt av hegg i full blomstring ligg tungt over landskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg prøver nokre kast. Elva gir inntrykk av å vere død. Ingen vak å sjå. Eg skiftar fluger. Auren viser inga interesse. Fem fiskarar på motsett elvebreidd får heller ikkje fisk. Det hjelper på sjølvtilliten. I mangel av eigen suksess er andre sin fiasko ikkje å forakte. Eg får ein ide. Det er mykje vatn i elva. Godt gøymt i flugeboksen finn eg to store mørke fluger, ei Bloody Butcher og ei annan som matchar. Endefluga, som blir kalla «Verre enn Minken», vekker gamle minne. Ein fiskekompis batt fluga på tampen av ein fuktig kveld. Eg satsar på desse tre. På nattfiske brukar eg endefluge og to opphengarar.

Eg legg flugene i le i straumkanten bak ein stor stein som bryt straumen, ikkje langt frå land. På lesida er det eit stille belte. Utanfor den djupe kulpen går elva stor og stri. Auren trekker mot land på mørkaste natta. På smygjakt etter storauren er fiskaren si åtferd i elva ein av fleire faktorar som avgjer resultatet. Nokon kallar det flaks.

I strategisk god posisjon slenger eg ut på nytt. Hogget kjem bråfort. Ein fin aure går fleire gonger i lufta. Kanskje eit utradisjonelt val av fluger knekker koden? Auren er ein sprek og spenstig krabat som yter skikkeleg motstand, med lange utras, men han trøytnar fort av å kjempe mot spensten i stang-tuppen og den sterke elvestraumen. Etter kort tid ligg ein prektig kilosfisk trygt i håven. Fiskarane på motsett elvebreidd sender meg lange augekast, og blir openbert inspirert til ekstra innsats.

Øystein Kjerulf Brenno frå Gol har skrive ei rekkje artiklar og romanar om fiske, jakt og villmarksliv.
Øystein Kjerulf Brenno frå Gol har skrive ei rekkje artiklar og romanar om fiske, jakt og villmarksliv.

Han har tatt fluga utan namn. Den kresne aurens matvanar er til tider uforståelege. Eg slenger ut på nytt på same stad, med nytent iver og topp konsentrasjon. Ein fisk tek fluga medan ho framleis er i lufta, så vasspruten står, og må bite i graset. Fiskane er jamstore. Den eine er blank som ein nygått laks, den andre meir raudprikkete. Eg fiskar oppstraums elva og noterer meg for tre aurekubbar til. Den hektiske bitt-perioden varer i tjue minutt. Så er det tvert slutt. Fem napp og fem fiskar. Betre kan det ikkje bli. Fiskane er jamstore. Tre aurar tok den namnlause fluga. Dei to siste let seg lure av «Verre enn Minken». Brot på gamle vanar har gjort susen.

Etter landinga av den siste auren, kan eg tilfreds registrere at Petri-brørne på den andre sida av elva er svært merksame på kva som går føre seg. Den eine etter den andre går lei av fisket, og vender nasen heimover. Snart har eg elva for meg sjølv. Det er demoraliserande å sjå på ein fiskar som lykkast så til dei grader, og du sjølv ikkje kjenner nappet. Det veit eg av eigen erfaring.

Dersom eg skulle kjenne ein smak av triumf, kan det forklarast med at dette er ein siger for lokalkunnskap om aurens åtferdsmønster, samt bruk av fantasi og vilje til improvisasjon. Det er eit nederlag for utstyrshysteriet som eg meiner å observere hos nokre av mine fiskarkollegaer.

Natta tetnar til, og det blir merkbart kjølegare. Eg kastar inn handkleet for ei stund, godt nøgd med den storfine fangsten som er sjeldan vare, finn ei stor furu ved elvebreidda og bryt av turrkvist til ein kaffivarme. Lyden av rennande vatn og månen som speglar seg i vassflata er naturens eigen medisin for spente nervar. Det beste i livet er gratis.

Ein stor fugl går inn for landing på elvebreidda, om lag femti meter unna. Det er hegre, eit eksotisk innslag i faunaen i innlandet. Eg ser på den langstrekte og ganske ruvande fuglen nokre minutt, før han anar uråd. Halsen blir lenger og lenger, han spring langs stranda, flaksar med vengene og kjem seg endeleg opp i lufta. Med rolege vengeslag set han kurs sørover hovuddalføret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg tek inn den vakre sommarnatta i fulle drag. Natta er på det aller mørkaste, utan at det er mørkt. Naturen kviler i ein blå og uverkeleg dis. Munkefisen pakkar elva inn i eit mjukt skoddeteppe. Det er tid for å avslutte fisket.

Eg trivst med å vere åleine ved elva og likar kjensla av uforstyrra idyll, men vil likevel presisere at eg ikkje har noko imot andre fiskarar. Likevel vil det alltid vere slik at einsemda gjer deg i stand til å ta naturopplevinga inn under mergen på ein annan måte enn når det er mange andre til stades. Dei blir forstyrrande element som bringar med seg stress og uro. Vi bur i eit land med plass til alle, utan at vi treng å gå i kø i naturen med mindre vi absolutt vil. Det er ingen som trugar deg til å gå Besseggen i august, for å seie det slik.

Elva syng sin einsame song. Skogen nynnar med i koret. Alt er stille, men brått høyrer eg plask i vatnet tett ved. Ein skugge går opp av elva. Skuggen blir borte i tett kantvegetasjon. Truleg ein fiskar som ikkje har formalitetane i orden. Eg forserer forsiktig det smale beltet med tett skog som kantar mot eit jorde.

«Fiskaren» går ute på jordet og beiter – det er ein liten elgokse med svært beskjeden hovudpryd. Oksen har sett meg, og lurar på kva som er på gang. Eg ruslar sakte mot oksen, som slepper meg innpå, inntil han markerer at nok er nok. Nakkeragget reiser seg – eit sikkert teikn på aggresjon.

Han stampar eine framfoten hardt i bakken og briskar seg, før han tar nokre skritt rett mot meg. Her er ein kjapp retrett det einaste tilrådelege. Eg søker dekning i det tette krattbeltet mot elva. Oksen er nøgd med å få jordet for seg sjølv, og kjem ikkje etter.

Etter dette uventa innslaget avsluttar eg fisket. På heimvegen tenker eg på kor viktig det er å bruke utstyr som er tilpassa tilhøva. Det viktige er å bruke fantasien og tenke nytt og utradisjonelt. Fluga og fargane er viktige suksesskriterium, men det kan like gjerne vere storleiken på kroken. For sikker landing av fisken er det avgjerande at du aldri gir slakt snøre. Gå sakte langs elva og ver merksam på fisk som vakar. Auren står på standplassen til han blir skremt.

SKITT FISKE!