Markus Hansen Moe og mor Reidun Margrethe Moe reiste frå Sandnessjøen til Storefjell for å spele bridge i helga.
Markus Hansen Moe og mor Reidun Margrethe Moe reiste frå Sandnessjøen til Storefjell for å spele bridge i helga.

Sju år og hekta på bridge

Sju år gamle Markus Hansen Moe har bridgedilla. Nyleg reiste han frå Sandnessjøen til Gol for å spele mot langt eldre konkurrentar.

Førre helg vart turneringa «Bridge for alle» arrangert på Golsfjellet.

Den tradisjonsrike turneringa samlar mange ivrige spelarar frå store delar av landet. Dei fyrste var på plass alt onsdag. Torsdag var det turnering med 22 par, og Gol BK med Bjørn Morten Halbjørhus og Asbjørn Rust vann den.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heilt hekta

For sju år gamle Markus Hansen Moe og makker og mor, Reidun Margrethe Moe hadde reisevegen vore lang. Dei reiste frå Sandnessjøen for å vere med.

Markus er landets yngste kløvermeister, og møtte mellom anna turneringas eldste spelar i løpet av turneringa. Begge foreldra har spelt bridge i mange år, og sjuåringen har vore ivrig tilskodar. Så vart han sjølv hekta på kort. I løpet av det siste året har han vore på juniorleir, bridgefestivalen og skulemeisterskap, i tillegg til klubbkveldar og reising til andre klubbar på Helgeland. Han har alt tittelen kløvermeister. No samlar han poeng for å ta ein ny tittel.

– Eg har alt teke nokre klubbpoeng her. Eg vil helst berre spele bridge, seier han.

Markus Hansen Moe og mor Reidun Margrethe Moe reiste frå Sandnessjøen til Storefjell for å spele bridge i helga.
Markus Hansen Moe og mor Reidun Margrethe Moe reiste frå Sandnessjøen til Storefjell for å spele bridge i helga.
Markus Hansen Moe er sju år gammal og bridgefrelst.
Markus Hansen Moe er sju år gammal og bridgefrelst.
Reidun Margrethe Moe, sonen Markus Hansen Moe og Tormod Røren frå NM-komiteen lærer Lars Nibstad å spele bridge.
Reidun Margrethe Moe, sonen Markus Hansen Moe og Tormod Røren frå NM-komiteen lærer Lars Nibstad å spele bridge.

Vann

Laurdag plasserte laget frå Gol seg midt på listene, medan mor og son Moe vart nummer fem.

Sundag auka spenninga då golingane, Bjørn Morten Halbjørhus og Johnny Sørensen tok andreplassen, med Hilde Skar og Ronny Søtter frå Mosjøen på plassen bak. På den tida hadde yngstemann begynt på reisa heim til Sandnessjøen. Då turneringa var over, stod Halbjørhus og Sørensen øvst, både i sundagens turnering og turneringane samanlagt. Skar og Søtter tok andreplassen samanlagt.

Parallelt med Bridge for alle var det også arrangert Storefjellturneringa, som er ei meir eliteprega turnering med større premiar.