Ansvarleg redaktør Lillian Holden er klar for å feire 17. mai saman med heile dalen via hallingdolen.no.

Samlar Hallingdal til felles 17.-feiring

Hallingdølen lagar felles 17.-feiring for heile Hallingdal. Det skjer gjennom ei to-timars direktesending på hallingdolen.no.

– Det blir hektisk og moro! slår ansvarleg redaktør Lillian Holden fast åtte dagar før det heile skal skje. Det er kort tid frå ide og planlegging til gjennomføring, men ho og staben hennar er klar.

Historisk

I år blir ikkje 17. mai som før. Det sette koronaviruset ein effektiv stoppar for.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette blir ein historisk 17. mai. Det er fyrste gong sidan krigen me ikkje kan feire nasjonaldagen saman slik me gjerne vil. Derfor tenkte me som så; me vil samle folk i Hallingdal likevel, i ei digital feiring, fortel Holden.

Studio i Gol sentrum

Ideen vart spelt inn til kommunane, som svara positivt og er med på spleiselaget. For det er ei stor og tung satsing; 17-18 personar er i sving for å avvikle den to timar lange sendinga frå klokka 11.00 til 13.00.

Les også
«Kløna» og «Trump»

Hallingdølen flyttar TV-studioet sitt ut i Gol sentrum denne dagen. Herfrå blir det livesending med gjester og aktivitetar. I tillegg blir det innslag frå alle kommunane i dalen, noko frå live-reporterar og noko i form av reportasjar i opptak.

– Det blir korpsmusikk og allsong, og sjølvsagt 17. mai-tale, seier redaktøren. Og avslutning med nasjonalsangen klokka 13.00, samlan med resten av landet.

Skrekkblanda fryd

Holden fortel at Hallingdølen legg mykje ressursar i sendinga. Ein ting er den tekniske gjennomføringa av sjølve livesendinga. I tillegg blir det gjort ein stor jobb i forkant med planlegging og innhenting av reportasjar.

Les også
Her er alle dei nye reglane for din kvardag: Opne skular, meir idrett og større grupper

– Det er ikkje så lenge sidan me fekk ideen, så her har mange hive seg rundt. Me får nokre hektiske dagar, og det er alltid eit innslag av skrekkblanda fryd å tenke livesending. Men med så mange flinke folk i sving, skal me få det til, seier Lillian Holden.

For alle som er heime

Det foregår 17. mai-program rundt i kommunane, sjølv om det er mindre og meir avgrensa enn tidlegare. For dei som er involvert her, og ikkje får med seg direktesendinga på hallingdolen.no, så vil programmet ligge tilgjengeleg etterpå. Ein kan anten følgje 17. mai-programmet live eller sjå det når det passar ein sjølv best.

Les også
Håpar på trikkeskinner til 17. mai

– I år blir det langt fleire som kjem til å feire nasjonaldagen heime. Sendinga vår er eit tilbod som gjer at folk likevel kan ta del i 17. mai-feiringa i dalen, seier Holden. Ho syns det er ekstra moro at me alle kan få ta del i feiringa frå heile Hallingdal denne dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit minne

Det blir også ei feiring for historiebøkene. Holden er imponert over kor mykje kreativitet som blir vist rundt omkring for å feire nasjonaldagen trass i dei mange avgrensingane koronaepidemien legg.

– Eg trur det blir eit artig minne om året me måtte løyse ting på ein annan måte, avsluttar Lillian Holden.

Les også
Klare til å feire ei annleis 17. mai