Evy Myhre og Elisabeth Røte arrangerer Rovkabilly Rumble i helga.
Evy Myhre og Elisabeth Røte arrangerer Rovkabilly Rumble i helga.

Rockabilly-bygda Nesbyen

Heile marknadsplassen er i år leigd for å huse årets Rockabilly Rumle.

I helga blir det 50- og 60-talsstemning i Nesbyen. Damene bak frisørsalongen «Sjå te å klypp de», Evy Myhre og Elisabeth Røte, steller igjen til storvegs og årleg happening. Mellom anna med den svært publikumsvennlege veteranbilparaden med tidsriktig kledde damer og herrar. I år har dei og leigd marknadsplassen, så her er det berre å fylle på med bilar og folk.

Rockabilly-bygda

Rockabilly Rumble vart fyrste gong arrangert i 2012. Med stor suksess. Dette har vorte ein herleg tradisjon. Ikkje berre for dei som saknar 50- og 60-talet, men og for alle dei andre som er kome til i åra etter. Desse tiåra skapte nemleg ein klesstil, hårstil, bilmote og musikksjanger utan like, som me andre og vil ta del i. Det er berre å finne fram veteranbilen, brylkremen eller hårrullane og setje i gang planlegginga.

Artikkelen held fram under annonsen.

På marknadsplassen kan ein campe «veteranstyle» heile helga. Dette ligg an til å bli Norges største arrangement i sin klasse. Som truleg berre vil vekse og vekse.

Satsar stort

Arrangørane satsar stort i år. Heile helga ligg an til å bli feira i 50- og 60-talets ånd. Allereie fredag føremiddag opnar dei portane for campande gjester. Om kvelden speler Red intensions opp lokala før Ronny Coolcat Band set i gang med rockabillysjarmen.

Laurdag føremiddag blir det show og moro med bilar og modellar på indre torg. Veteranbilparaden med kring femti modellar og fleire titals flotte veteranbilar startar opp eit par timar seinare og set snuten mot Stasjonsgata, med stopp utanfor Hjørnet, Fortuna og Bluesbaren. Nokre av bilane og modellane tek så turen bort Elverhøy Helsetun for å glede bebuarane der. Når paraden kjem til Marknadsplassen vil Torgeir Wetterhus spele opp med bandet sitt. Her blir det og overraskingar til publikum, også Fat Fred And The Possumhunters entrar scena.

plakat
plakat
Evy Myhre og Elisabeth Røte arrangerer Rovkabilly Rumble til helga. (Arkivfoto)
Evy Myhre og Elisabeth Røte arrangerer Rovkabilly Rumble til helga. (Arkivfoto)