Per O Noss held laurdag konsert for heimepublikummet i Ål kulturhus.
Per O Noss held laurdag konsert for heimepublikummet i Ål kulturhus.

Noss på heimebane

I august i fjor kom album nummer to. Laurdag er Per O Noss klar til å levere på heimebane.

«Eg har snubla, eg har dåtte, Eg har prøft å finne fram, Det eg treng no er ein redningsmann», syng Per O Noss i låten «Er det nokon som har sett’n ...?».

12 platelåter

I august i fjor gav ålingen ut sitt andre album, «Redningsmann». Dei 12 visepop- og folkrocksongane på halling lanserte han på Herr Nilsen i Oslo same haust. Til Hallingdølen sa musikaren:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det noko eg ønskjer å fortelje med dette albumet, så er det at du må finne redningsmannen i deg sjølv, og så må du halde på han.

– Skal gi jernet

No står konsert på heimebane for tur: Laurdag stiller Noss med fullt band i Ål kulturhus. Vokalisten har med seg Lars Jonas Bergo (piano), Kai Løland (gitar), Jostein Fingarsen (bass), Rebecca Lofft (fele) og Stian R.T. Øygardslia (trommer).

- Eg gler meg og er sjølvsagt veldig spent. Eg håpar det skal kome mange. Uansett så skal me gi jernet den kvelden. Eg har med meg eit kjempebra band, og me skal levere knallsterkt, seier Noss.