Ole-Reidar Lågrinn har drive med taksidermi sidan 1975. Han har heldt til i Vats sidan 1982. – Det hadde ikkje vore mogeleg å få bygd opp eit atelier på denne storleiken i dag. Det er det ikkje marked for. Skapargleda er det som driv dei som vel det, kunsthandverkstypar. Men det er få som klarar seg. Yrket er døande og det er stussleg.

Mannen og dyra

Det var eigentleg tryllekunstnar han skulle bli, eller advokat. Men då han tilfeldig kom over nokre instruksjonshefte om utstopping av dyr og fuglar, skulle det bane veg for ein heilt spesiell karriere.

Ole-Reidar Lågrinn (58) står på ein tom bruskasse i verkstaden sin i Vats. I hendene har han hornet til ein afrikansk waterbuck, skoten i Sør-Afrika. No er tida knapp og konsentrasjonen må vere på topp. Det er få sekund sidan han miksa stålplast, glasfiberkutt og herdar, som er det han skal feste hornet med på den modellerte plastmodellen han har framfor seg. Den sjølvlaga miksen tørkar fort, og hornet til antilopa må vere perfekt plassert om det skal likne mest mogeleg på dyret som trava rundt på den afrikanske savannen.

Ole-Reidar er ikkje glad i snarvegar. Alt skal vere perfekt, planlagt og naturtru. Og det tek tid, mykje tid:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein grunn til at eg er Europas dyraste preparant.

Den fyrste fuglen

Krøllete hår, bart og fippskjegg karakteriserer Ole-Reidar. Han er ein kraftig mann og når han fortel at han dreiv med boksing som ung overraskar det ikkje. Heller ikkje at han i fleire år har vore dørvakt på Pers Hotell. Men det er preparant han er og elskar, eller taksidermist som det eigentleg heiter.

Sjå korleis Ole-Reidar stoppar ut ein Waterbuck:

Som ung var den store interessa magi og det var tryllekunstnar han skulle bli. Då han var i Oslo for å kjøpe meir trylleutstyr og instruksjonsbøker, kom han over eit hefte om utstopping. Det vekte interessa. Det tok ikkje lang tid før han og ein kompis starta opp eigen verkstad i loftet heime på garden i Vats. Det var i 1975. Han var 14 år. Same året stoppa han ut sin fyrst fugl, ein heilo som han framleis har.

– Goffa var bygdeslaktar og me var ofte med. Og når kjem frå ein gard der det er kultur for jakt og flåing av dyr, så var kanskje ikkje vegen til preparantyrket lang.

Småfugl, geitehovud og grevlingar vart stoppa han ut. Resultata blei vel ikkje perfekte, men han prøvde seg på alt han kom over. Samtidig var han i ferd med å avslutte ungdomsskulen og hadde gode karakterar. Familievennen Jens Kristian Thune som seinare var bustyrar under Reksten-saka, meinte Ole-Reidar burde satse på ein juss. Han kunne sikre han jobb. Familien ville sjølvsagt også at sonen skulle bli advokat. Men Ole-Reidar hadde andre planar:

– Nei, eg ville jobbe meir med utstopping. Og eg bestemte meg for å gå den vegen. Utfordringa var jo at det ikkje eksisterte ein taksidermistutdanning i Norge.

Zoologisk Museum

Då mor Lågrinn forstod alvoret, troppa ho opp på Zoologisk museum i Oslo for å sjekke kva som gjekk an å få til. Museet hadde eigentleg ingen læreplass eller assistentstillingar. Men ho blei møtt av ein svenske som hadde vanskeleg for å seie nei:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lennart Blomberg var vel den beste ein kunne ha møtt. For det fyrste var han sjefen og han som bygde om heile museet og brukte heile livet sitt på det. For det andre var det hans svake side at han ikkje klarte å seie nei.

Sjå når ei gaupe blir stoppa ut:

Etter at Blomberg hadde fått sett nokre bilete som mor til Ole-Reidar hadde med seg, fekk den unge sjølvlærte utstopparen invitasjon. Blomberg kunne ikkje love noko, men ville sjå kva guten kunne. Etter møtet makta framleis ikkje Blomberg å seie nei. Det vart ja til å ta inn den då 16 år gamle Ole-Reidar.

– Eg avslutta 9. klasse og drog til Oslo. Museet kunne ikkje love meg løn, men dei skulle sjå kva dei fekk til.

Ole-Reidar ver heldig. Han vart assistent for Blomberg. Han fekk vere med på alt frå typiske dritjobbar som assistentar må gjera, til det han kallar fantastiske prosjekt som ein eigentleg ikkje får halde på med i det heile tatt.

Tyskland neste

Etter to og eit halvt år meinte Blomberg at Ole-Reidar burde gjera noko meir ut av talentet sitt. Han meinte han burde prøve seg kommersielt, og ikkje berre vanke rundt i museet. Blomberg hadde kontaktar i Tyskland, og ordna lærarjobb i Europas største taksidermibedrift; Klaus Peters i Hamm. Overgangen blei brå. Arbeidstempoet var heilt annleis enn det Ole-Reidar var van til frå museet i Oslo.

Ole-Reidar set på horna på ein waterbuck. I starten av utstoppingsprossen må modellen som er laga av plast, bli pussa og tilpassa skinnet. – På afrikanske dyr er skinna ofte veldig tynne, det gjer at muskulatur på lagas på modellen. Det gjer det meir spennande enn for eksempel elg, som har mykje pels.

– Det var full gass heile dagen, og tida blei ein faktor. Det var ei annan verd, men ein lærte masse. Kvaliteten dei produserte var jo katastrofe i forhold til kva eg vane med frå musea, med Blombergs sans for detaljar.

På zoologisk museum hadde Ole-Reidar lært seg å støype produksjonsformer og modellar, ein teknikk som dei ikkje kunne i Tyskland. Då verksmeisteren fekk sjå kva den 18 år gamle nordmannen kunne, blei Ole-Reidar hans assistent og ikkje lærling. Det innebar tilgang til spektakulære jobbar som bison, kamelar, elefantar og krokodiller. Kundelista var internasjonale og det var ikkje uvanleg at rike oljesjeikar kom flygande i privat-jeten sin med ein antilopealbino eller to dei ville ha utstoppa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bedrifta hadde stor suksess og skulle utvide verksemda til Sør-Afrika. Ole-Reidars siste oppgåve var å klargjere produksjonsmodellar til den nye bedrifta. Då den treårige lærlingtida nærma seg slutten, fekk han tilbodet om å bli med modellane til Sør-Afrika kor det også venta fast jobb til den unge vatsingen.

– Året var 1981 og det var midt under Apartheid, så det freista eigentleg ikkje. Eg valde å dra heim.

Heimeatelier

Frå 1982 fram til i dag har Ole-Reidar halde til i Vats. Det blei raskt travle dagar. På 80-talet var det populært med utstoppa dyr heime eller på hytta. Mor til Ole-Reidar hjelpte til med finish-arbeidet som innebar sparkling og måling. Hallingdal, Numedal og Valdres vart hovudområdet, men det kom også kundar frå Oslo og andre stader. To år seinare vart verkstaden utvida til det den er i dag. På det meste var det tre lærlingar i tillegg til mor Lågrinn som fortsette å hjelpe sonen fram til ho vart pensjonist.

– Tidleg såg eg at prisnivået i Norge var veldig lågt. Det var liten tid til å gjere produkta mine gode nok, for eg ønskte ikkje å gjere slik ein gjorde i Tyskland. Helst ville eg produsere nærmare museumsstandard, det var då eg gjorde eit «stunt».

Over natta dobla Ole-Reidar prisane sine, og tenkte at det får gå som det går.

– Det som var rart å sjå var at folk ville ha kvalitet når dei så forskjellen.

Ole-Reidar seier at han var heldig. Tida han bygde opp atelieret var det ein stor marknad, utstopping var populært og konkurransen i regionen var liten. Men ein taksidermist lever ikkje av meirsal. Og det er avgrensa på kor mange utstoppa gauper eller elg ein kunde vil ha. Og leverer ein produkt av høg kvalitet, så heng det der i alle fall i hundre år. Men det er vanskeleg å berre leve som preparant. Så då han kom tilbake til Hallingdal, begynte han å jobbe på Pers Hotell som dørvakt.

Det er ikkje mangel på ulike type auge Ole-Reidar har i atelieret sitt.

– Eg begynte å jobbe i helgene, og har vore dørvakt på Pers i 30 år. No har eg slutta med det, eg har jo kasta ut «goffaen» til nesten alle samen. Så dei siste fire åra har eg jobba med administrasjon og vaktlister. Sidan 2006 har eg og hatt ei 50 prosent stilling i kommunen innan kriminalførebygging blant barn og ungdom. Å vere dørvakt gir meg eit nettverk og informasjon som er relevant til den andre jobben, så kombinasjon er perfekt. Eigentleg trivast eg utruleg godt i alle mine tre jobbar, så eg har vore heldig. Det er stas, og gjer at eg orkar å jobbe mykje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mitt hemmelege familieliv

Ole-Reidar jobbar mykje, særleg når han er aleine. I kvardagen er han stort sett aleine, då resten av familien bur i Oslo. Slik har det vore heilt sidan han i si tid trefte sin store kjærleik, Sidsel Katralen. Det var på Pers Hotell. Det blei rask slått fast at ho ikkje ville bu i Vats og Ole-Reidar ville ikkje til Oslo:

— Me er vel like sta begge to. Ho hadde stor frisørsalong i Oslo, og me såg kvarandre i helgene og pendla mykje.

Etter kvart blei det born i lag, men ordninga stod fast, så borna hadde kvardag i hovudstaden og fritid i Hallingdal. Sidsel bytta etter kvart beite og blei advokat i ein alder av 36.

– Eg er stolt over at ho klarte å fullføre utdanninga på eit år kortare tid enn alle andre. Det gjorde ho samtidig som ho framleis hadde frisørsalongen med fleire tilsette og barn heime. Det står det respekt av. Ho fekk ingen hjelp frå meg.

Det er pirkearbeid å pusse gaupas augo. -Det er vanskeleg å få til kattefjes. Det er viktig å ha planlagt augo riktig slik at dei ikkje ser ut som ein teddybjørn, men det karakteristiske kattedraga kjem fram.

Sidsel blei etter kort tid ein profilert advokat, og er no partnar i Elden og har blant anna Erik Jensen-saka i dag. Ole-Reidar seier kona har fotografisk minne. Det meiner han er når ein er advokat, men ikkje i eit parforhold:

– Ho hugsar alle dei fæle tinga eg har gjort!

Ordninga dei har hatt seier Ole-Reidar alltid har fungert bra og trur kanskje det er grunnen til at dei framleis er i lag. Å gje rom til kvarandre og det ein gjer og er har dei alltid gjort. Men om det er ein ting Ole-Reidar ynskjer han hadde gjort annleis, var det å bu under same tak som borna i oppveksten.

Eit gaupeskinn sys på ein modell. Den skal seinare monterast på ein fjellhylle laga av isopor og seinare detaljmåla. Skinnet kjem frå årets kvotejakt.

– Det er avgrensa kva ein får med seg på telefon om det som skjer i kvardagen. No er alle ungane vaksne og eg har spurt dei om kva dei tenker, fordi eg sjølv føler eg har forsømt dei litt. Men det var ingen som hadde noko å sei på det, dei følte at det alltid var nokon der når det var nødvendig, og ein var saman i helgene og ferien. Dei har jo halde fram med å vere i lag med oss no når dei er vaksne. Me blir ikkje kvitt dei. Så noko rett må me ha gjort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Natursenteret som aldri blei noko av

Ole-Reidar har hatt mange rundar med den han kallar for sitt katastrofeprosjekt. Eit natursenter for det sentrale Sør-Norge. Det skulle kombinere klassiske utstillingar for å skape naturinteresse og vise fram det som eksisterer av dyreliv i regionen. Samtidig skulle det skape eit forskingsmiljø for dei som var ute og jobba i felt. I starten bygde han opp nokre utstillingar i etasjen over atelieret som framleis står der. Planane starta allereie i 87, og det er bygd for omkring 3,5 millionar i Vats. Ideen var å få eit tilbygg ved sidan av atelieret, med forskingsavdeling og 3D-visningar inspirert av Ivo Caprino.

– Jan Fekjan var målaren som var med i prosjektet. Han måla bakgrunnsmotiva. Fekjan er eit fantastisk talent. Eg har sett fleire liknande utstillingar verda over, men det er ingen som er i nærleiken av Jan. malt i oslo, zoologisk, hunderfossen, nordkapp

Prosjektet mangla ein del millionar for å kome i land. Utbygginga var kalkulert til 20 millionar. Då fylkesmannen sett ned foten på midten av 90-talet, blei det aldri noko av.

I eit ustillinglokale over atelieret står framleis montere igjen frå den fyrste runden med natursenteret. – Personleg har det kosta enormt og eg har brukt mykje av eigne pengar på noko som aldri blei av. No er både eg og prosjektet på overtid, einaste staden kor det hadde vore mogeleg å gjennomføre natursenteret på er Flå. Men Olav er jo på overtid han og, så det måtte ha skjedd et under på Flå.

Neste runde var då Olav Thon tok kontakt med Ole-Reidar. Thon skulle då han skulle bygge ut Bjørneparken i Flå. Prosjekteringa starta og eit natursenter skulle byggjast. Men usemja om kven som skulle bestemme korleis ting skulle gjerast, gjorde arbeidet vanskeleg:

– Det gjekk ikkje så bra. Eg og Olav samarbeidde ikkje bra og det kom skeivt ut. I dag kunne me kanskje ha løyst det, men me klarte det ikkje den gongen.

Kulturhuset på Ål var neste moglege plass. Det var to rundar, men heller ikkje her blei planane realisert.

– Kommunen løyvde 3, 6 millionar som stod på konto i mange år. Kjellaren under biblioteket var der senteret skulle vere. Men då vårt prosjekt ikkje vart med i utvidinga av kulturhuset, måtte me gi oss.

Svana har blitt fryst ned og Ole-Reidar pumpar vann inni føtene på fuglen, slik at den skal bli meir formbar.

For nokre år sidan vart det gjort eit siste forsøk på å koma i gang i Hallingdal Feriepark. Men der var ikkje interessa stor nok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ole-Reidar Lågrinn har dytta prosjektet og dei lange prosessane ifrå seg. Kommunen fekk pengane tilbake. Sjølv har han brukt mesteparten av eigne sparepengar på noko som aldri blei ein realitet. Det var alltid berre rett før ...

– Det som er mest trist er at eg veit kva me hadde fått. Eg hadde avtaler med blant anna Universitet i Oslo, så me ville ha fått masse spennande utstillingar grunna nettverket prosjektet hadde. Det hadde blitt ein kjempeattraksjon, eit fagmiljø og skapt arbeidsplassar. Eit nasjonalmuseum hadde betydd masse for regionen Hallingdal. Men det hjelper ikkje å sutre over noko som ikkje blei noko av, men det er kjipt å ikkje komme i mål.

Læremeisterens hjartesukk

På slutten av 80-talet fekk Ole-Reidar sin fyrste lærling, same tid som taksidermi blei et lærlingfag i Norge. Total har han hatt ni. Båe den fyrst kvinnelege og mannlege. Ole-Reidar har faktisk hatt flest lærlingar innan sitt fag som enkeltbedrift. No er det seks år sidan han sist hadde ein lærling i Vats.

– Eg har alltid interessert meg for den faglege biten, og har vore med i prøvenemnda for fagprøvene. Det har eg gjort i sikker 20 år, både som sensor og som produsent av eksamensoppgåver for undervisningsdepartementet.

– Dette er ein gammal vêrsau. Det er ein dame frå Hardanger som vil ha hovudet og horna utstoppa. Som taksidermist må ein også flå dyr som kundar sendar inn.

Av dei Ole-Reidar Lågrinn har lært opp er det berre to som framleis driv på, og berre den eine på heiltid. I fjor var det ingen opp til fagprøve, året før var det berre ein.

– Taksidermi er eit verneverdig fag, det har det vore lenge. Yrket er jo døyande og det syns eg er stussleg. Det er klart at etterspørselen er mindre enn før, det er noko som er trendstyrt. Det verkar som det kjem ein del yngre som interesserer seg for jakt. Men slik som det var før, blir det ikkje. Ein kan ikkje forvente at folk vil fylle husa sine med utstoppa dyr, det er ikkje «inn» i dag.

Landets nasjonalmuseum har som Ole-Reidar beskriv det, fungert som eit anker. Med fast tilsette preparantar bidrar musea til fagmiljøet. Dei fast tilsette nærmar seg pensjonsalder og det er ikkje planar om å tilsette nye, noko som Ole-Reidar synest er skremmande.

Skinnet blir lima på modellen. – Limet skal ikkje bygge noko, så ein må ikkje bruke for mykje. Referansen til utforminga ligg i grunnmodellen.

– Det er kritikkverdig at musea legg ned preparantverksemda. No er det ingen som kan ta vare på nasjonalsamlingane. Og når noko må gjerast, går det ut på anbod. Då er dei som leverer billigast som får jobben. Dessverre er det også dei som gjer den dårlegaste jobben. Dersom det er snakk om større ombyggingar, går anbodet ofte til utlandet, og då har du ingen kontroll. Det biologiske forskingsmaterialet som går langt tilbake i historia blir handtert av folk som ikkje har kompetanse, og det syns eg er veldig rart.

Ole-Reidar Lågrinn trur det framleis vil finnast preparantar om 20 år. Men han trur det vil vere få, og han stiller spørsmål om kor dyktige dei vere.

– Det er grunnen til at eg har overlevd, kvalitet i alle ledd. Eg har akkurat revidert læreplanen for undervisningsdirektoratet og det gjorde eg av ein einaste grunn. Håpet om at nokon vil ta faget vårt vidare. Eg har slutta å ta inn lærlingar, einaste som hadde vore aktuelt hadde vore ein lokal ungdom med interesse i faget som kan ta over atelieret her, for det er ikkje mogeleg å bygge opp i dag.