Siste året på fotojournalstikk-utdanninga dreg ein alltid på reportasjetur til utlandet. Mitt kull drog til Kairo like etter revolusjonen. Klassen var einig om å lage saker som handla om kvardag og ikkje det som skjedde på Tahrirplassen. Eg bestemte meg for å fotografere kattar. Ein gong i oldtida var dei heilage, men korleis går det med kattane i Egypt i dag? Bilete er tatt i bakgarden hos ein dyrevernsorganisasjon som redda katter frå gata. Det er vel rundt 40 kattar på biletet, i heile huset var det nok rundt 200, så det var ein prøvelse for ein med katteallergi å fotografere der!

Let bileta fortelja

Elias Dahlen (30) smiler ofte. Som fotograf likar han å få fram smilet hjå lesaren også.

Møt Hallingdølens nye fotograf. Det har snart gått eit halvt år sidan Elias Dahlen begynte i jobben som han overtok etter Sindre Thoresen Lønnes.

Han kallar seg «bergensbasert vestlending», men målføret røper også at han har traska lenger sør langs kysten. I dette magasinet gir me han høve til å syne fram noko av det han har gjort før han kom hit, både som frilansmedarbeidar i fleire større mediebedrifter og som student.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg prøver å få fram humor, men det er vanskeleg!

Me har spurt han kva han har som mål for eit godt foto. Men som lesaren vil sjå på dei neste sidene, handlar mykje av det han har vore ute på om alt anna enn moroting. Han var tett på både Utøya-terroren og den store bygdebrannen på Lærdalsøyri. Han har også dekt sterke hendingar i utlandet.

– Eg prøver alltid å få bileta til å vise ting slik som dei er. Eg vil at dei skal vera ærlege, og at dei iblant skal halde ein viss visuell stil. Spesielt i reportasjar er eg oppteken av det skal vera ein tråd i uttrykket.

– Kva har du mest sans for å jobbe med? Stillfoto eller video?

– Eg likar best stills. Eg likar video også, men video er meir tidkrevjande å få bra. Dersom videoen inneheld berre eit par klipp av ei hending, synest eg bilete fortel historia betre.

– Kva er eit godt bilete?

– Det er eit bilete som fangar merksemda di, som får deg til å stoppe opp. Det ultimate er eit nyheitsbilete som får deg til å le, eller eit bilete med motiv som gjer at det fortel fleire historier i eitt.

Etter tunnelbrannen i Gudvangatunnelen i 2013 blei Frode Pedersen og dottera Celine frakta til Voss Sjukehus. Dei var tydeleg prega etter dei dramatiske minuttane i røyken og framleis svarte i ansiktet.
Eit nyheitsbilete med dystopiske trekk. Ein politimann kjem gåande mot meg ut frå røyken då det var storbrann i Bergen sentrum sommaren 2015.
Min første sommarjobb i avis, og terroren rammar Norge. I ettertid er det dette biletet som eg minnest best, ein situasjon som etter mi meining viser korleis spisse presseolbogar og jakta etter sitat kan gå for langt. Ein ung jente kjem gåande berrføtt frå Sundvollen hotell, ho vil prate med pressa. Journalistar og fotografar frå heile verda flokkar seg raskt rundt, ho er ein av dei fyrste som vil si noko om det som skjedde på Utøya. Fleire og fleire kjem til og jenta med det knallraude håret blir trengt lengre og lengre inn mot eit gjerde. Til slutt kjem det nokon og hentar henne.
Israel har ingen flyktningpolitikk for immigrantar som ikkje er jødiske. For nokre år sidan blei det bygd opp fleire institusjonar som liknar fengsel der immigrantar risikerte å bli innesperra utan rettssak dersom dei ikkje returnerte frivillig. Eg var der i Tel Aviv 2013 og lagde reportasje om problematikken. Dei eg møtte som stort sett var flyktningar frå Eritrea, Sudan eller Kongo, fortalde om å leve i frykt og rasisme og eit liv limbo. På biletet har ein mann mista svima av på grunn av rus. Han får hjelp av israelsk helsepersonell. Samtidig er det to vener som helsar på kvarandre, eit kaotisk og absurd bilete.
Fotosak: Marzenna Liszewska og hunden Lexus. Dette er frå ein portrettserie om hundeeigarar som liknar hundane sine.
Dette er frå ein reportasje om bubilturistar i Bergen. Kommunen hadde oppretta eit område for bubilane på grusen utanfor Bergenshallen. Ideen til reportasjen var å vise at sjølv om bubilane ser ganske like ut på utsida, er det mykje ulike menneske inni. På biletet ser ein det tyske ensemblet Klazzixx frå Kaiserslautern som var på turne i Norge og Sverige.
Det finst eitt kommersielt slakteri på heile Færøyane. Der hadde dei ein tradisjon å tre sauehovuda inn på spiker etter dei var slakta. Truleg blei dei vel brukt til som ein lokal variant av smalehovud, men det ser jo ganske makabert ut ...
På Færøyane er det framleis lovleg å slakte privat, for å så selje kjøttet kommersielt. Her er familien Hentze i gong med haustslaktet av lam på øya Sandur.
Det var kaotisk den natta i Lærdal, men det var også ei stille natt. Då eg gjekk vekk frå flammen mest for å ta ein pause frå varmen, kom eg over etterlatne hus kor dørene framleis stod opne. Eg gjekk gjennom hagar, møtte nokre av dei lokale som stod att og beskytta husa sine med river som våpen mot glørne. Me prata litt, om kor ufatteleg det var det som skjedde, samstundes som me høyrde smell frå infernoet. Så gjekk eg tilbake for å fotografere. Eg pakka meg inn med det eg hadde av lue og skjerf, som eit forsøk på å ikkje puste inn røyken. Slik hdldt eg på til politiet evakuerte meg frå området. I ettertid har eg spurd meg sjølv om eg var for vågal, risikerte for mykje for å dokumentere. Kanskje det, men om eg hadde halde meg unna, hadde eg aldri fått dei bileta.

Elias Dahlen, fotoansvarleg i Hallingdølen.
Elias Dahlen, fotoansvarleg i Hallingdølen.