Kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) seier at ingen kultur- og idrettsarrangement blir haldne fram til 15. juni.Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Kultur- og idrettsarrangement blir forbodne til 15. juni

Kulturminister Abid Raja (V) opplyser at kultur- og idrettsarrangement blir forbodne til 15. juni. Ny avgjerd for resten av sommaren blir seinast teken første veka i mai.

Avgjerda vidarefører tiltaka frå regjeringa for å hindre vidare smitte av koronaviruset. Mellom anna skal folk halde minst to meters avstand til kvarandre og ikkje samle seg i grupper på fleire enn fem.

– Det tyder at fram til 15. juni vil det ikkje vere nokon idrettsarrangement eller konsertar som skal haldast, seier kulturministeren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han vil førebels ikkje spekulere på kva som skjer med resten av sommararrangementa og festivalsesongen etter 15. juni.

– Vi treng eit breiare avgjerdsgrunnlag, seier han.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

Dagens avgjerd får òg innverknad på 17. mai-feiringa, som Raja har fått ansvar for å koordinere frå regjeringa.

– Vi kjem nærare tilbake til dette over påska. Det er vanskeleg å sjå for seg at barnetoga, slik vi kjenner dei, vil gå som planlagt, seier han.

(©NPK)

Les også
Veit ikkje når ho kan ta eksamen
Les også
Trur ikkje på skuleopning: – Veldig vanskeleg å opne opp att etter påske
Les også
Ber om hjelp frå stortingspolitikarane