Vegard Breie er nominert til Beste Tidlegare Elev på Fotofagskulen i Trondheim. (Arkivfoto)
Vegard Breie er nominert til Beste Tidlegare Elev på Fotofagskulen i Trondheim. (Arkivfoto)

Kjempar om fotopris

Ålingen Vegard Breie er nominert i konkurransen om Beste Tidlegare Student ved Fotofagskolen i Trondheim.

Fotofagskolen i Trondheim har lansert konkurransen «Beste Tidlegare Student». Vegard Breie frå Ål er ein av ti nominerte. Kvar dag ut mai kan ein gi sin stemme på Facebook. Breie ligg høgt oppe, men treng stemmer for å vinne.

På facebook-sida kan ein trykke «like» på biletet til Vegard Breie – ein gong om dagen. Tittelen Beste Tidlegare Student heng høgt, så kampen mellom dei i tet er hard. Måndag føremiddag låg Breie 120 stemmer under Simon Skreddernes som hadde 1228 stemmer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei nominerte er Ida Bjørvik, Vegard Breie, Simon Skreddernes, Bjørn Wad, Siri A. Sanden, Stian Foss, Boe Marion, Alexander Widding, Renate Thorseth og Fred Jonny.

Beste Tidlegare Student får eit stipend på 20.000 kroner. Dei som er med og stemmer, kan vinne fotobøker til ein verdi av 3000 kroner.

Du kan stemme på Vegard Breie Norsk Fotofaskole si side på Facebook. Biletet du trykker på er teke i kabul. Her fulgte Breie norske spesialstyrker.

Vegard Breie, fotograf, Ål.
Vegard Breie, fotograf, Ål.

- Eg valde det biletet sidan det skil meg ut frå resten, fortel Breie. Det er ikkje berre dette biletet, men Breie som fotograf, som er nominert.