Kulturminister Abid Q. Raja tok turen til Ullevaal Stadion og idrettspresident Berit Kjøll torsdag for å formidle bodskapen om tiltakspakka i idretten. (Foto: Geir Owe Fredheim)

Kom med krisehjelp til kultur og idrett

Onsdag kom kulturminister Abid Q. Raja med ei nødhjelpspakke til arrangørar som har avlyst inntektsbringande kultur- og idrettsarrangement grunna koronaviruset.

Onsdag var Raja på Ullevaal stadion der han kom med ei krisepakke på 600 millionar til idrettspresident Berit Kjøll.

– Dette er fantastiske nyheiter i ei elles svært vanskeleg tid for Norge, og for idretten. Dette illustrerer at regjeringa har forstått nødropet me har sendt norske myndigheiter. Det er også tryggande å høyre at regjeringa er open for ytterlegare tiltakspakker, seier idrettspresident Berit Kjøll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Skarverennet avlyst: — Ei tung avgjerd

I fyrste omgang skal pengane gå til arrangørar som på grunn av koronasituasjonen har tapt arrangementsinntekter. Det gjeld i fyrste omgang arrangement som ein ikkje kan flytte eller utsetje, og kompensasjonen skal gå til å dekke opp noko av tapte billettinntekter, arrangementsutgifter og andre kostnader i samband med arrangementa.

Taper tusenvis

Hallingdal har hatt eit ras av avlyste skirenn dei siste vekene. Mars og april er normalt av dei månadene med dei største og mest inntektsbringande arrangementa, men ikkje i år. Skarverennet, Slarverennet, Bama Alpinfestival og Bendit Liatoppsprinten samlar til saman fleire tusen deltakarar.

Når 12.000 skiløparar legg i veg under Skarverennet, er det ein samanhengande "orm" frå Finse til Ustaoset. (Foto: Mari Fjørtoft Bjørnstad)

Desse arrangementa gir viktige inntekter for idrettslaga i dalen, og er med på å sikre god drift resten av året. I tillegg til Skarverennet, med potensielt 12.200 deltakarar, har Geilo IL også avlyst tre norgesmeisterskap dei siste vekene, med NM Masters, Hovudlandsrenn i alpint og NM slopestyle for friskikøyrarar. Dagleg leiar i Geilo IL, Espen Nordby Andersen, er glad for lovnadene om støtte til idrett og kultur.

Les også
Skarverennet avlyst: — Ei tung avgjerd

– Det er gledeleg at dei kjem på banen, heilt supert. Me må vere takksame for at det blir gjort ein innsats for å dekke inn tap og støtte idretten. Samstundes veit me ikkje veit kor mykje det inneber for kvart lag eller arrangør. Me må sjå kva fordelingsnøkkelen blir etter kvart. og korleis dei løyser det praktisk, seier dagleg leiar i Geilo IL, Espen Nordby Andersen.

Dagleg leiar i Geilo IL, Espen Nordby Andersen. (Foto: arkiv)

Han meiner noko av det viktigaste med pengane som no kjem, er å sikre at det er nok til drift av aktivitetar i framtida for born og unge.

– Eg vil tru at mange klubbar har tapte inntekter no, det er mange å dele på og ikkje gitt at alle får. Men me må vere takksame for at det blir gitt ein innsats for å dekke inn tap og gi støtte. Det er ikkje sjølvsagt. Me må sikre aktivitetstilbodet til born og unge, seier han.

Kartlegg tapet

Inntektene frå desse arrangementa er viktige for resten av året.

– Skarverennet særleg utgjer ei vesentleg inntekt for oss. Eg vil ikkje tru at me får dekt inn alle kostnadene. Men me må vere glad om me får dekt inn noko av tapet, seier Nordby Andersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Hallingspretten er avlyst

Norges Idrettsforbund skal no kartlegge dei totale kostnadene som koronaviruset fører til, utover tapte arrangementsinntekter. Dei 600 millionane som vart varsla onsdag blir fordelt mellom idretten, frivillige organisasjonar og det frivillige kulturlivet. Det er også lova ei støtte på kring 300 millionar kroner til kulturlivet.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Les også
Golberg: - Idrett er uvesentleg i desse dagar
Les også
Kulturlivet tenkjer nytt i koronatidene: Herbjørn Liahagen fyrst ut med facebook-konsert

\