I NRK-serien «Jeg mot meg» kjem sjåarane tett på åtte unge vaksne. Ein av dei er Anja Catrine Venås (23) frå Gol.
I NRK-serien «Jeg mot meg» kjem sjåarane tett på åtte unge vaksne. Ein av dei er Anja Catrine Venås (23) frå Gol.

"Jeg mot meg": Anja tek eit oppgjer med fortida

Denne veka tek Anja Catrine Venås (23) frå Gol eit oppgjer med fortida i heimbygda. På riksdekkande TV.

Anja Catrine Venås er ein av åtte deltakarar i NRK-serien «Jeg mot meg» som hadde premiere førre måndag. Dokumentarserien tek for seg tema ungdom og psykiske lidingar. I løpet av åtte episodar kjem sjåarane tett på åtte unge vaksne og deira kvardag med psykiske lidingar.

Positiv respons

Anja og dei andre deltakarane har alt sett heile TV-serien. Dei veit såleis kva som kjem fram, og korleis dei blir framstilt. Like fullt er det spesielt å vite at heile Norge no får tilgang til personlege historier frå liva deira, meiner Anja.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis har responsen vore så langt?

– Det er veldig mange som seier eg er modig, og at det er tøft gjort av oss å stille opp. Responsen har berre vore positiv så langt. «Mine» episodar har ikkje vorte vist enno. Eg grudde meg til måndag, då den fyrste episoden om meg skulle sendast. Eg veit at deltakarane det har handla om så langt har vorte bombardert med meldingar frå folk som har opplevd det same som dei, og som kjenner seg att i det dei fortel.

Visuelt og personleg

Dei to fyrste episodane av serien vart sleppte førre måndag og tysdag. Måndag og tysdag denne veka kjem to nye episodar. I episode tre og fire er det fokus på mellom andre Anja og hennar historie. Dei to episodane gjev eit lite innblikk både i ei vanskeleg fortid som skuleungdom i Gol, til notid og vaksenliv, der ho baskar med ein undergrad av bipolar liding.

– Eg er redd for at folk skal seie «dette er ikkje sant, du lyg», seier Anja.
– Eg er redd for at folk skal seie «dette er ikkje sant, du lyg», seier Anja.

– Eg har skrive mange personlege innlegg på bloggen. Men no får folk faktisk sjå korleis eg har det. Dette blir mykje meir visuelt enn til dømes eit blogginnlegg om at eg er nedfor. Kanskje er det også det som rører folk, og som gjer at ein får så mykje respons, seier ho.

Maskert sanning

Dei åtte episodane i «Jeg mot meg» er bygd opp av klipp frå timar med gruppeterapi og videoopptak deltakarane har filma sjølve. Kvar episode varar i om lag 30–40 minutt, sjølv om kvar time med gruppeterapi eigentleg heldt på rundt tre timar. Av etiske grunnar har produksjonen også vore nøydd til å klippe vekk detaljerte historier og enkelthendingar. Det ein ser Anja prate om på TV er såleis berre ein brøkdel av verkelegheita. Difor er ho redd folk skal misforstå ting som er tatt ut av samanheng.

– Folk må ikkje gløyme at det ligg veldig mykje meir bak det dei ser på TV. Eg er livredd for at det eg fortel blir tatt dårleg i mot. Eg har veldig blanda kjensler og minne frå Gol. På den eine sida har eg godtatt ting som har skjedd, og for andre verka det som om eg er ferdig med alt. På den andre sida er eg framleis veldig bitter. Det er vanskeleg å balansere dei to sidene, eller sanningane. Eg veit ikkje korleis folk heime hugsar ting, og er redd for at folk skal seie «Dette er ikkje sant. Du lyg». Tidlegare har eg ikkje vore så direkte med korleis eg har hatt det, men derimot late som om alt har vore bra.