Turistmagnet: Fiske på Tunhovdfjorden er blitt mer populært de siste årene.

Iskald hobby

Eit isbor, ei stong, ei rulle, ei line, ein krok og eit agn. Det er alt som trengst for å isfiske.

På nett: Thomas Bjørnstad var med og startet opp Facebook-gruppen «Fiske Tunhovdfjorden».

Agnet kan vere maggot, fjørlarve eller meitemark. Nokon likar fleire agn på same krok. Det finst like mange kombinasjonar som det finst isfiskarar. Og dei køyrer gjerne til Tunhovdfjorden for å fiske. Ei helg med godt vêr kan det vere oppimot 50 fiskarar på isen.

Å isfiske er ein evigheitsjobb. Mange har to, kanskje tre stenger. Dei mest avanserte utstyrer stonga med alarm. Avansert utstyr lagar ein hylande lyd når fisken bit. Alternativet er ei lita bjølle festa i stanga. Ein annan har ein bit raudt garn festa i tuppen.

Artikkelen held fram under annonsen.

For ein utanforståande finst det ingen mønster i sjølve fisket. Eller kanskje alle har sitt eige mønster? Dei går mellom hola. Står ei stund ved kvart hol. Tek opp stanga og vippar den opp og ned nokre gongar. Kanskje sveivar dei opp lina for å kontrollere at maggoten framleis sit fast, berre for å vere sikre.

Sytten. Atten. Nitten. Tjue. Tjueein fiskarar reknar me til denne laurdagen, sjølv om sola enno ikkje har stått opp. Mannfolka er i fleirtal, og dei fleste er over førti år.

Det er nesten påfallande stille i den vesle vika, men det kan i blant stige opp litt latter, og nokre gonger eit bannord over fisk som greier å rive seg laus frå snøret.

Mest av alt høyrest vinden. Han kjem i djupe kast og kan ta pusten frå deg dersom du står feil veg.

Fisking er ein livsstil for Thomas Bjørnstad. Han er på Tunhovdfjorden stort sett kvar dag.

– Me startar grytidleg. Fisken nappar betre om morgonen, forklarar han.

Bjørnstad synest det er litt for mykje vatn i den regulerte fjorden. Han fiskar mykje også om sommaren, og fortel at det er ein stor forskjell på stemninga mellom fiskarane i dei ulike sesongane.

– Det er veldig sosialt å fiske om vinteren. Me samlast og skravlar, grillar pølse på isen og kosar oss, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv likar han godt at mange finn vegen til fiskevatnet. Han har til og med drege i gang ei gruppe på Facebook der formålet er å gjera tilbode betre kjent.

– No dukkar det opp fiskeentusiastar frå Lillestrøm, Sandefjord, Moss og Fredrikstad. Dei hadde aldri kome opp hit elles, trur Bjørnstad.

– Det er nokon som syns det er irriterande at det vart mykje byfolk på isen, medan andre synest det er artig.

Me vandrar vidare mot ei større gruppe som sit tettare saman og får raskt beskjed om at me burde vore her tidlegare. Det viser seg at me har gått glipp av dagens store hending.

Steinar Engebretsen har fått ein riktig fin fisk. Me treng ikkje spørje to gongar før han opnar ryggsekken og tek fram ein blodig, grønkvit pose. Fisken er tung og glatt, og sprellar framleis i dødskramper når han glir ut i snøen.

– Ein aure på 2650 gram, smiler Engebretsen stolt.

Den er sølvblank med store, svarte prikkar på sidene. Dette er første gongen Engebretsen fiskar her. Han er her på tur med Åros Jeger- og Fiskeforening. Fiskekameratane kjem med oppmuntrande rop, og nokre kastar misunnelege blikk mot ruggen som blenkjer i sola.

Ein annan fiskar litt lenger borte på isen ber om å ikkje verte fotografert «ettersom kona mi trur eg er på jobb».

Artikkelen held fram under annonsen.

Umiddelbart seier kompisen ved sida av at me gjerne må fotografere han, då kona hans trur han er hjå elskarinna.

Slik er det her ute på isen. Sjargongen er direkte, men latteren sit laust, og ein kaffipause aldri langt unna.

Før me vinkar farvel til Tunhovdfjorden, svingar me innom Thomas Bjørnstad igjen. Han veit godt kva han likar best med isfiske.

– Det er å kome seg ut, rett og slett. Og så er det jo moro å få fisk. Det heile er ei flott naturoppleving.

Grytidlig: Isfiske krever dedikasjon. Fisken napper når solen akkurat har stått opp, og noen timer etter det. I mars kan det bety at dagen på isen starter i femtiden om morgenen.
Lørdagsmorgen: Jorma Kilpimaa har sammen med kjæresten Sissel Hallem reist hit fra Lyngdal i Numedal. Det er tredje sesongen de fisker her.
Lokal fisker: Sondre Rustgård er fra Nore, og fisker sammen med Thomas Bjørnstad denne dagen.
Lang ventetid: Sakari Pulkkanen fisker sammen med kjæresten Caroline Pulkkanen. Det er åttende gangen de fisker her denne sesongen, og de fant Tunhovdfjorden på grunn av Facebook-gruppen «Fiske Tunhovdfjorden». De har reist hit fra Gjerdrum.
Iskaldt: Kjell H. er fra Bærum, og har kjørt opp hit for å fiske sammen med vennene John Kardash og Karl Erik Lindahl. Denne morgenen fisker han med meitemark.
Isfiske på Tunhovdfjorden.
Isfiske på Tunhovdfjorden.
Isfiske på Tunhovdfjorden.
Isfiske på Tunhovdfjorden.
Isfiske på Tunhovdfjorden.
Isfiske på Tunhovdfjorden.
Isfiske på Tunhovdfjorden.
Isfiske magasin: Bilder til magasinsak om isfiske på Tunhovdfjorden. (Foto: Annika Byrde)
Isfiske på Tunhovdfjorden.