Guro Hoftun fotografert under fjorårets lansering av romanen «Svensken» i bokhandelen på Gol. (Arkiv).
Guro Hoftun fotografert under fjorårets lansering av romanen «Svensken» i bokhandelen på Gol. (Arkiv).

Hoftun har skrive ei bok til mamma

«Eldreliv – til deg som er i live» er tittelen på årets bok frå golingsforfattaren Guro Hoftun. Den har mor hennar, Vesla Hoftun, som ein raud tråd gjennom sidene.

Guro Hoftun vart i 2015 Brageprisnominert for dokumentarromanen «Storbarnsliv – om å vokse opp med barn».

– Der skreiv eg om å vere mor til dotter mi. «Eldreliv – til deg som er i live» handlar om å vere dotter til mor mi. Sånn sett heng dei to utgjevingane saman på eit vis, seier Guro Hoftun til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kroppen

«Mamma» heiter figuren i boka og høyrer til bølgja av ungdommelege 70- og 80-åringar som gjerne vil springe marathon og gå på fjelltoppar, men som «er fanga i kroppen til ei gammal dame».

– Ein kropp der stadig noko sviktar, det vere seg armen, tarmen, knea, ryggen. Hjartet flimrar. Men hovudet er klart.

Aktivt liv

Ho har i mange av sine leveår gått i høge helar, ho har bygd opp ei bedrift, vore lokalpolitikar og president i eit yrkesforbund. I mange år pendla ho 50 mil for å drive forretningar både i Göteborg og Hallingdal.

Vesla Hoftun må finne seg i å vera ein hovudperson i dottera Guro Hoftuns nye dokumentarbok om eldreliv.
Vesla Hoftun må finne seg i å vera ein hovudperson i dottera Guro Hoftuns nye dokumentarbok om eldreliv.
Eldreliv – til deg som er i live av Guro Hoftun.
Eldreliv – til deg som er i live av Guro Hoftun.
Saman med ektemannen Robert Gjestad på fjelltoppen Prest under GÅ-festivalen i Aurland i 2015. (Arkiv).
Saman med ektemannen Robert Gjestad på fjelltoppen Prest under GÅ-festivalen i Aurland i 2015. (Arkiv).

Ho var eit kjent namn i heimbygda som vann enkelte sigrar og tapte andre. No føler ho at ho ikkje lenger blir lytta til. Tek dei henne ikkje på alvor lenger?

Ikkje legen heller?

Må hjelpe meg

Den største frykta er å bli liggande hjelpelaus på ein sjukeheim der ei underbemanna betjening ikkje har tid til å hjelpe henne når ho treng det: «Mamma er ingen drama queen. Men dette sa hun med mørkt alvor i stemmen: «Du må love meg det, Guro: Når den tid kommer at jeg ikke klarer meg selv, da må du hjelpe meg!»».

Tryggleiken

Mamma har vore tryggleiken for meg og mine tre søsken, ho har alltid vore der, sett alt til side om me verkeleg hadde bruk for henne, fortel Guro.

– No skal eg prøve å vere der for henne når ho treng meg. Men eg veit at eg ikkje kan klare det åleine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håpar

Når denne boka kjem ut i oktober, er Vesla Hoftun 82 og Guro Hoftun snart 50. – Eg kjenner alderen melde seg. Om 30 år er også eg ei gammal dame. Om eg kjem meg i gang med styrketrening og mosjon, kan eg håpe på ein frisk alderdom, seier ho.

Historier

Guro Hoftun har skrive på denne boka sidan 2016. Ho har intervjua ei rekke menneske. Både folk i alderdommen og deira yngre pårørande. Ho har lese forsking og snakka med ekspertar.

– Eldreliv er ikkje først og fremst ei politisk bok som prøver å gi eit heilskapleg bilete av den norske eldreomsorga. Målet er å fortelje historier om liv og erfaringar til ulike eldre og pårørande, seier Guro Hoftun.

– Men tekstene er politiske likevel. For eldresaka angår ikkje berre dei gamle, men i høgaste grad også folk som er midt i livet. Me bør ikkje late som om dette ikkje handlar om oss. Om berre få år er me «dei eldre». Me bør begynne å ta det innover oss.

Kom att om fem år

Dei fleste som er intervjua, står fram med namn og bustad. Andre har av ulike grunnar ønska anonymitet.

Enkelte av personane kjenner me som svært spreke. Hoftun har m.a. intervjua det hardtarbeidande paret, nygifte Sissel Berdal Haga og Olav Thon. Dette skjedde då Thon fylte 95 år. Han svara då; ville det ikkje vere meir relevant å vente i fem år til, til eg fyller rundt år? Men stilte opp, gjorde han.

Vist meg alvoret

– Denne boka er til mamma, for utan henne ville det ikkje blitt noka bok, seier Guro Hoftun.

– Alvoret i alderdommen er det ho som har vist meg. For inni seg er ho som meg, om ikkje yngre. Men kroppen vil noko anna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter fleire år som journalist i VG er Guro Hoftun no forfattar på heiltid. Ho er gift med Robert Gjestad, journalist i Aftenposten.

Boka blir lansert i byrjinga av oktober. Guro Hoftun kjem til Hallingdal 19. til 21. november for å presentere boka lokalt.

Guro Hoftun: Eldreliv – til deg som er i live.

Dokumentarbok. 

Aschehoug.