Nøtteskrikene kranglar seg i mellom, sjølv om det er nok av mat.
Nøtteskrikene kranglar seg i mellom, sjølv om det er nok av mat.

Ho fangar augeblikket

Dei er overalt rundt oss. Eit fotoapparat fangar det vakre i augeblikket. Det gjeld berre å vente.

{{imageLeft}}

VINTERSOLA VARMAR OPP trestammer og fuglematarane. Heilt inst i Helsinglia. Står ein stille, ser ein alt livet der inne mellom trea. Vengeslag som løftar og gir utsyn til fjørpryd. Raske rørsler. Nokon er på vakt. Andre jaktar. Ho ventar lenge på det rette biletet. Legg alt til rette på førehand. Nøtter i den hole bjørkestammen. Snart kjem dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

ME HØYRER nøtteskrikene. Nokre gonger kranglar dei seg imellom. Sjølv om dei har nok av mat. Kristin Devor kjenner fuglane. Ho har brukt tallause timar med å mate, beundre og innimellom presse ned utløysaren på kameraet. Det blir mange bilete. Nokre av dei sit som eit skot.

{{imageLeft}}

– Nøtteskrikene sit og ventar om morgonen på at eg skal fylle treet, fortel Devor. Fuglane har eit slags køsystem seg imellom. Dei seier kraftig frå om nokon brukar for lang tid.

Bileta til Kristin Devor er å sjå på Gravsetstugu i Hemsedal.
Bileta til Kristin Devor er å sjå på Gravsetstugu i Hemsedal.
Bokfinkane stod nær stille i motvind, medan dei venta på landingsplass på fôringsautomaten.
Bokfinkane stod nær stille i motvind, medan dei venta på landingsplass på fôringsautomaten.
Robin Raud- strupe strekker seg mot nye høgder.
Robin Raud- strupe strekker seg mot nye høgder.
Skogsarbeidarens gode ven. Mange har delt matpakka si med lavskrika.
Skogsarbeidarens gode ven. Mange har delt matpakka si med lavskrika.
Når svarttrosten kjem, veit me at det er vår.
Når svarttrosten kjem, veit me at det er vår.
Så langt har ikkje Kristin Devor sett Spurvehauk-hannen klare å fange ei nøtteskrike, men i dette tilfelle var det nære på.
Så langt har ikkje Kristin Devor sett Spurvehauk-hannen klare å fange ei nøtteskrike, men i dette tilfelle var det nære på.
Vesle Tulla Måltrost sat einsam på grusvegen.
Vesle Tulla Måltrost sat einsam på grusvegen.
Spurveugla møtte Kristin Devor i skogen inne ved Nedre Torset. Devor sat og fikla med kamera. Då ho såg opp, sat jammen meg frøken Spurveugle der og så på ho.
Spurveugla møtte Kristin Devor i skogen inne ved Nedre Torset. Devor sat og fikla med kamera. Då ho såg opp, sat jammen meg frøken Spurveugle der og så på ho.
I Helsinglia florerer fuglelivet. Ikkje minst på grunn av matinga vinterstid. Det gir mange blinkskot for fotograf Kristin Devor.
I Helsinglia florerer fuglelivet. Ikkje minst på grunn av matinga vinterstid. Det gir mange blinkskot for fotograf Kristin Devor.
Nedi lia står ein hol bjørkestamme opp. Der legg Kristin Devor fuglemat. Og kan stå på litt avstand og knipse. – No er dei vorte vane med meg, så dei flyg ikkje av garde lenger, fortel ho.
Nedi lia står ein hol bjørkestamme opp. Der legg Kristin Devor fuglemat. Og kan stå på litt avstand og knipse. – No er dei vorte vane med meg, så dei flyg ikkje av garde lenger, fortel ho.
Stian Sisik set utfor. Ingen heldig utgang frå hoppkanten.
Stian Sisik set utfor. Ingen heldig utgang frå hoppkanten.
Neste hoppar ut er Dominique Dompap. Perfekt stil ut frå hoppkanten.
Neste hoppar ut er Dominique Dompap. Perfekt stil ut frå hoppkanten.
Dominique dompap ønsker alle Hallingdøler god vinter! Han har her påtatt seg oppgaven som dirigent for Helsinglias samlede småfuglkor.
Dominique dompap ønsker alle Hallingdøler god vinter! Han har her påtatt seg oppgaven som dirigent for Helsinglias samlede småfuglkor.
Kristin Devor i Helsinglia i Hemsedal fotograferer fuglar på fritida. Det har resultert i mange bilete.
Kristin Devor i Helsinglia i Hemsedal fotograferer fuglar på fritida. Det har resultert i mange bilete.

Devor har hytte inst i dette området ho brukte mykje som barn. Hytta vart bygd for fire år sidan. No er ho her så mykje ho berre kan. 55-åringen har dei siste ti åra vore vertskap på Brunkollen i Bærumsmarka, langt inne i skogen. No har ho trappa ned. Kristin kan endeleg konsentrere seg om fotografering. Faren, Per Julius Devor, var ein flittig fotograf. No tek dottera over.

– Ein del av bileta mine er utstilt på Brunkollen. No skal eg ha utstilling på Gravsetstugu her i Hemsedal, fortel ho.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Før Brunkollen jobba ho ved Universitetet i Oslo. På fritida dreiv ho som guide og hadde klaverundervisning.

– Eg er så utruleg knytt til naturen. Byliv har eigentleg aldri vore aktuelt for meg, fortel ho. Sambuaren pendlar mellom jobb i byen halve veka – og resten i Hemsedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kjenner meg veldig heime her. Me hadde ein lykkeleg barndom med mange feriar her oppe. Ho smiler og opnar det vesle glaset ut mot Skogshorn. Ein perfekt bakgrunn for fotografering. Rader med fuglematarar heng mellom henne og fjellet.

FOTOGRAFEN FORTEL om den svartkvite flugesnapparen. Dei er ikkje våre fuglar, men Afrika sine.

– Hannen kjem frå Afrika om våren. Ei veke før hoa. Han skal finne ei passande fuglekasse. Slåst gjerne med kjøttmeis og blåmeis om dei beste plassane. Så flyg dei attende til Afrika i august, fortel ho. Dei hadde kamera oppi ei kasse og fekk sjå seks av dei sju egga klekke. Det var livesending i heimen.

Utanfor glaset har ho eit lite tre med nakne kvistar. Der kan det lande ein dompapp. Då er det ikkje fritt for at Devor gir både namn og stilkarakter i hovudet. Dominique Dompap i Helsinglia BigAir får perfekt stil ut frå hoppkanten. Ho syner fram biletet. Ber oss legge merke til den svært godt tilpassa hoppdrakta. Stian Sisik derimot får ingen heldig utgang frå hoppkanten. Altfor tidleg vengeutslag.

– Dette er eit fantastisk univers. Berre sjå kor forskjellige dei er alle saman, smiler Devor og legg til at sisikar er kjend for å vere dei dummaste av dei alle. Lavskrika derimot er skogsarbeidarens beste venn. Lett å få handtam. Mange har delt matpakka si med den. Nøtteskrika kan stappe 30 nøtter ned i halsen. Raudstrupa er av dei vakraste fuglane. Den har i tillegg vakker song. Bjørkefinken er spesielt vakker bakfrå, og svarttrosten varslar vår. Spettmeisen er ein skikkeleg rakkar, rask og lur. Devor ramsar opp.

Ein dag ho sat og fikla med kameraet inne i skogen ved Torset, kikka ho opp og såg rett på ei spurveugle. Dei hadde ein slags samtale seg imellom. Lenge.

– Årets naturoppleving. Berre skog, stille, meg og spurveugla, fortel Devor. Ein annan gong fann ho ein liten måltrostunge midt i vegen. Etter å ha lagt seg ned for å fotografere, tok Devor den varleg opp og flytta den i tryggare omgjevnader – langt ute i krattet. Måltrostmora kom snart for å mate ungen.

Eit av bileta hennar syner eit par flotte bokfinkar som står nesten stille i lufta under snødrevet. Dei ventar på landingsplass på fôringsautomaten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg prøver å ikkje ha forstyrrande element i biletet, fortel Devor og tek fram den store linsa. Ho arva litt frå ei gamal tante – og kjøpte seg det beste kameraet. Så brukte ho sparepengane på ei 600 mm linse.

– 14 eksponeringar per sekund. Dei blir frosne «in action». Det er så gøy. Og ein slepp å gå tett på, seier ho og understrekar at ho aldri fiklar med bileta sine. Dei er heilt naturlege, slik ho likar dei – og tek dei.

– Naturen er vakker nok i seg sjølv. Eg lærte lite teknisk av pappa, men litt om lys og motiv, komposisjon og utsnitt. Han kunne bruke ein time på eit bilete. Eg hugsar me stod modell i timevis. Det kosta 80 kroner å framkalle eit bilete den gongen. Me fotograferer på ein annan måte i dag. Men sjølv om eg likar action i bileta, skal det vere ei form for ro.

Ho trur nok aldri ho blir heilt utlært. Det er så mykje å lære. Men rikdommen utanfor hytta held henne i arbeid. Ho likar også godt å fotografere planter og insekt i makro. Men fuglane er noko spesielt.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

NO ER PLANEN å lage ei fuglebok for barn. Det gler ho seg til. Førebels har ho berre synt fram bileta sine på Brunkollen.

– Eg trykker bileta mine i Gol. Hjå Hallingdal trykk. Dei trykker bilete både på aluminium, papir og lerret, fortel Devor og syner eit stort bilete der «herr og fru Bjørkefink» prøver å jage bort spettmeisen. Dei lykkast ikkje så ofte med det.

– Spettmeisen er ein skikkeleg rakkar, rask og lur. Han vinn som regel. n