Tiril Sjåstad Christiansen fekk den første semifinale-billetten i "Farmen Kjendis".
Tiril Sjåstad Christiansen fekk den første semifinale-billetten i "Farmen Kjendis".

Ho er klar for semifinale i "Farmen Kjendis"

Tiril Sjåstad Christensen fekk den første semifinale-billetten i "Farmen Kjendis".

Finaleveka er i gang på"Farmen Kjendis"-garden på Tangen i Hedmark, og stemninga er spent blant deltakarane.

Jukseri

Den første semifinalisten blei avgjort gjennom ein matlagingskonkurranse på garden. ArtistenCarina Dahl blei teken for juks, fordi ho helte på saus etter at tida var ute. Retten blei difor ikkje dømt. Til slutt var det Tiril Sjåstad Christiansen som blei utropt som vinnar. Tiril fekk den første semifinaleplassen til sundagens finalesending av "Farmen Kjendis".

Artikkelen held fram under annonsen.

Jublar

Sidan Tiril er sikra semifinaleplass, kan ho sjå på medan dei andre kjempar om de to andre semifinaleplassane.

– Det kjennest så fantastisk gøy å vere første person inn i semifinalen. Eg var sikker på at pølsa var rå og at lauken var ein katastrofe, men då er det jo berre enda betre å vinne. Åh, det er så digg! seier Tiril i episoden.

I onsdagens episode av "Farmen Kjendis" skal dei to siste semifinalistane kårast, før finalen går av stabelen sundag.