Frontfigur, hardingfelespelar og vokalist Tuva Syvertsen i Valkyrien Allstars under generalprøven.

Fotoserie: Her kan du sjå glimt frå opninga av Sprang

Eilif Gundersen på bukkehorn og dansarar frå Hallingdal Dansekompani fotografert under generalprøven til opningsførestillinga på Sprang.
Ein blid, stolt og bunadskledd kultursjef Hilde Løkensgard Bjørnsvik helsar til nett-TV-sjåarane under sendinga av opningsførestillinga til Sprang.
Elvira Gomez Snerte frå Hemsedal er ei av dansarane i Hallingdal Dansekompani som var med under opningsframsyninga på dansescenen Sprang.
Les også
Analoge dansesteg – digitale sprang
Dansar Ulf Arne Johannessen med Helga Myhr på hardingfele.
Valkyrien Allstars fotografert under generalprøven til opningsførestillinga til Sprang.
Jo Asgeir Lie på trekkspel og Helga Myhr på vokal under den nett-TV-sende opninga av dansescenen Sprang.
Ingunn Stræte på torader spelar halling for fem laus-karar, tre stakkejenter og ein TV-fotograf.
Hallingdal Dansekompani dansar ein koreografi med moderne uttrykk til tradisjonelle tonar frå langeleiken til Andrea Søgnen.
Ordførar Solveig Vestenfor hadde nyslipt saks til den offisielle opninga av dansesalen Sprang. Ho måtte klippe snora to gonger, her fotografert via ein monitor under generalprøven.
Lausdansar Henrik Opheim Berg tek høge sprang, mens Vetle Springgard held bakkekontakten under opninga av Sprang.
– Som lansdelsscene skal Sprang jobbe med å utvikle scenisk folkedans. Dette er eit nytt fagområde i Norge, seier Sprang-leiar Elin Høyholm.
Eilif Gundersen på bukkehorn gav takt og tone til dansarar frå Hallingdal Dansekompani under opninga av dansescenen Sprang.
Les også
Tek Sprang(et) - på nett
Siste del av sendinga var ein konsert med Valkyrien Allstars utan andre dansarar enn to kameramenn. Dei var publikum sine auge gjennom heile førestillinga.
Silje Risdal Liahagen skulle eigentleg blomstra som fersk festivalsjef på Folkemusikkveka denne helga. Men Folkemusikkveka vart avlyst, og i staden fekk ho rolla som dansane konferansier under opninga av Sprang.
I dagboka skildrar Hulda Garborg eit besøk i Ål i 1906. Gjennom dagboka tok konferansier Silje Risdal Liahagen sjåarane med på dansefest i Garborg sine fotspor.
Valkyrien Allstars fotografert under generalprøven til opningsførestillinga til Sprang.
Dei kjappe fingrane til trekkspelar Jo Asgeir Lie blir fanga på film, tett på av kameramann Dovydas Miliauskas.
TV-produsent John Storhaug styrte nett-TV-sendinga frå eit kontrollrom ved sida av dansescenen. – Alt som vart sendt ut over nett, gjekk akkurat slik det skulle. Men det irriterer meg at eg gløymde å starte opptakaren. Like før sending kokte det i kontrollrommet. Først i starten av andre nummer kom eg på at eg måtte trykke på REC, seier han.
Eilif Gundersen på Bukkehorn gav takt og tone til dansarar frå Hallingdal Dansekompani under opninga av dansescenen Sprang.
Det var utan tvil dei to kameramennene, Jørgen Storhaug (t.v.) og Dovydas Miliauskas, som hadde aller flest dansetrinn under opninga av dansescenen Sprang.
Les også
I farta: - Eg har lært ein del nye måtar å tenkje på