Åttande og niandeklassingane Erlend Ulsaker, Sindre K. Skolt, Tora Walle, Ronja Wølneberg, Magnus Wollebæk Veslestølen og Simen Frogner selte kaffi og kaker og karabinkrokar for å finansiere ein klassetur.
Åttande og niandeklassingane Erlend Ulsaker, Sindre K. Skolt, Tora Walle, Ronja Wølneberg, Magnus Wollebæk Veslestølen og Simen Frogner selte kaffi og kaker og karabinkrokar for å finansiere ein klassetur.

Haustmarknaden sikra klasseturen til Oslo

Haustmarknaden i Hemsedal samlar mykje folk. Det utnytta teknologiinteresserte skuleelevar.

Åttande og niandeklassingane Erlend Ulsaker, Sindre K. Skolt, Tora Walle, Ronja Wølneberg, Magnus Wollebæk Veslestølen og Simen Frogner har valfaget teknologi i praksis på skulen.

No vil dei på tur til Teknisk Museum i Oslo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Karabinkrokar

– Me vil dit for å lære meir om teknologi, seier dei.

Men då treng dei 5500 kroner. Og kva var vel betre enn å selje kaffi og kaker under haustmarknaden? I det fine haustvêret var det stor trafikk. Rundt dei selde både lokale og tilreisande sine varer. Ungar såg på og leika med dyr, det var barneløp og andeløp. Det rauk frå bålpanner og dei åtte partia i Hemsedal gjorde sine siste febrilske forsøk på å sanke stemmer før kommunevalet.

Skuleelevane selde ikkje berre kaffi og kaker. Dei hadde også andre heimelaga varer.

Dyr er fast innslag og alltid populært.
Dyr er fast innslag og alltid populært.
Mange hadde teke turen til haustmarknaden i Hemsedal.
Mange hadde teke turen til haustmarknaden i Hemsedal.

– Me sel karabinkrokar for 35 kroner. Dei er laga av gamle PC-ar, TV-ar og kopimaskiner, seier dei.

God handel

No er målet er å bestille tur til Teknisk Museum før jul.

Og under haustmarknaden som siste åra har vorte ein fin tradisjon med mykje god handel som butikkane, kom det pengar i kassa. Klokka hadde berre så vidt passert 13 når dei fornøgde kunne konstatere:

– Me har alt fått inn 3000 kroner.

Då blir det Oslo-tur.