Asker og Bærum-guten Fredrik Bratberget Johansen fekk høve til å jobbe under lamminga.
Asker og Bærum-guten Fredrik Bratberget Johansen fekk høve til å jobbe under lamminga.

Har dilla på sau

I intense tre veker jobba han i sauefjøset i Liagardane. Asker- og Bærumsguten fekk kjenne bondeyrket på sitt mest intense.

– Eg har sett kor krevjande det er, og kor mykje arbeid som ligg bak det å vere sauebonde, smiler Fredrik Bratberget Johansen. Me møtte han like etter han var ferdig med tre intense veker med sauerøkt og lamming. Det var ein sliten, men svært så blid kar som reiste heimover mot meir bynære strøk.

Potetgull

Sidan han var liten, har Johansen hatt ein spesiell hug for sauene kring familiehytta på Søråsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har gitt dei potetgull og kost med dei. Og halde eit auge med dei når det gjeldt skader og slikt, fortel han. Familien har hatt hytte på Søråsen i eit område der saltsteinen ligg. Og sauene på beite heldt seg i området. Vonde bein og jur-betennelsar har Johansen rapportert om til sauebonde Østen Gladhus så snart ungguten har oppdaga det. Lamming har han sett tidlegare, men då sauebonden spurte om han ville vere med på nesten heile lamminga i år, var han ikkje vond å be. I april reiste Johansen til Liodden for å vere i tre veker. Og det sette spor.

Beundrar bonden

Lamminga hadde så vidt starta på garden, men den mest intense perioden var på trappene.

– Det vart gradvis meir og meir intenst ja. Det er ein 24-timars jobb å vere sauebonde. Lamma kom til alle tider. Ikkje akkurat noko fast arbeidstid, ler Johansen. Det var stadig lam som kom til og arbeid som måtte gjerast. Mykje fysisk arbeid. Det var eit stort ansvar, tykte 20-åringen. Han meiner det er ansvar på liv og død, og er litt stolt over at sauebonden hadde tiltro til han.

– Eg beundrar Østen for den jobben han gjer. Ein skjønar det ikkje før ein har opplevd det sjølv, påpeiker han.

– Skal du bli sauebonde no?

– Nei, men eg vil studere bioteknologi på Ås. Eg vil gjerne jobben innan biologien, fortel han.

Ikkje pysete

– Dette er i alle fall tre veker eg aldri kjem til å gløyme, fortel han. Eit mindretal av sauene han jobba med er av rasen gamalnorsk spælsau.

– Dei er meir hardføre, samt at dei får mindre lam. Og dei som lammar for fyrste gong får stort sett berre eit lam. Seinare får dei fleire, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gjekk ikkje meir enn eit par dagar, før Asker- og Bærumsguten sjølv måtte dra ut sitt fyrste lam.

– Ein kan ikkje vere pysete. Ein må tole å bli klissete og ha henda inn stader ein vanlegvis ikkje vil ha henda. Ein må rett og slett tørre litt, fortel han. Men vart samstundes stolt over å ha hjelpt eit nytt vesen til verda.

– Sjå dei når dei berre er nokre sekund gamle og startar puste for fyrste gong. Det er rørande, seier han. Men legg ikkje skjul på at det er og harde side. Små lam som ikkje klarar seg.

Sau på fôr

– Men slik er naturen. Ein må jo berre godta det. Dette vart ein erfaring på liv og død også, seier Johansen som sjølv har ei søye han har redda frå slakt. Ei søye, eigd av sauebonde Gladhus, fekk jurbetennelse og vart øydelagt i spenen. Då vart det vanskeleg for ho å ha lam og det var slaktebilen neste. Dette var ei søye Johansen hadde fått slik god kontakt med frå beitet kring hytta. Då bestemte Johansen seg for å betale for maten hennar, så ho kunne leve vidare.

– Eg har Bella rett og slett på fôr. Så lenge eg betaler skal ho framleis få vere der, smiler han og fortel at namnet han valde til på sauen ikkje er utan grunn.

– Ho er rett og slett ein ganske pen sau og lett å kjenne att, humrar han.