Pål Golberg held årets 17. mai-tale i Gol.
Pål Golberg held årets 17. mai-tale i Gol.

Han held 17. mai-tale: – Eit ærefullt oppdrag

Det finst neppe nokon dag der talarstolen er meir i bruk enn på sjølvaste nasjonaldagen.

17. mai er dagen då røynde og urøynde talarar landet over tek til talarstolen for å dele nokre samlande, ofte patriotiske, ord med sine bunadskledde medborgarar. Eit ærefullt oppdrag ein vanskeleg kan seie nei til.

Passeleg klar

I år som tidlegare år stiller kommunar og bygder i Hallingdal og Nore og Uvdal med minst éin talar på programmet. Blant årets utvalde er langrennsløpar og goling Pål Golberg, som fredag klokka fire blank held tale for dagen ved Tingstugu i Gol.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Har du tala klar?

– Ikkje heilt. Men han er i alle fall meir eller mindre klar, svarar Golberg, etter ein kort kunstpause.

Golberg er rett nok vane med å skulle prestere med tusenvis av auge festa på seg. Likevel vedgår han at han, som dei fleste andre 17. mai-talarar, er på full fart ut av komfortsona.

– Dette er litt utanfor komfortsona. Viss eg pratar framfor folk er det vanlegvis veldig uformelt, i tillegg til at det handlar om ting som er knytt opp mot det eg held på med. Dette skal derimot vera ein generell tale kring det å vera norsk, og om ting eg har sett pris på ved å vekse opp i Gol og Hallingdal. Det å kome frå ein liten plass har nokre klare fordelar som eg håpar eg får sett litt ord på – ting ved Gol som eg sjølv har sett ekstra pris på, og som har betydd mykje for meg i oppveksten.

Heim til Gol

Golberg bur til vanleg i Oslo, og har dei siste to åra feira nasjonaldagen i hovudstaden. I år feirar han heime på Gol for fyrste gong sidan 2006.

– Kva forhold har du til 17. mai? Er det ein fridag eller patriotisk nasjonaldag?

– Viss eg tenkjer fridag, så tenkjer eg treningsfri. Og det blir det ikkje, så slik er det ein vanleg dag. Eg rekk nemleg ei treningsøkt før både tog og tale. Samstundes er eg veldig glad i 17. mai, og synest det er stas at «alle» har fri, og er blide og glade. Det er ein dag der ein føler litt at tida står stille.

– 17. mai-feiring i by eller bygd – kva er best?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er såpass lenge sidan eg feira 17. mai på Gol, at det som då gjaldt var å ete mest mogleg is og vera med på flest aktivitetar. No handlar det meir om å kle seg i bunad og ha det hyggeleg med folk ein ikkje møter så ofte elles. Og det er det ekstra gode sjansar for på Gol. Det blir eit triveleg gjensyn, seier Golberg.