– Er det noko eg ønskjer å fortelje med dette albumet, så er det at du må finne redningsmannen i deg sjølv, og så må du halde på han, seier Per Olav Noss.
– Er det noko eg ønskjer å fortelje med dette albumet, så er det at du må finne redningsmannen i deg sjølv, og så må du halde på han, seier Per Olav Noss.

Gjorde plate av nedtur

Veka før debutalbumet kom i 2010, gjekk Per Olav Noss på ein smell. Då kom tekstane til plate nummer to, som kjem fredag.

– Eg er veldig spent på å gi ut mitt andre album, Redningsmann. Det er ei veldig personleg plate, i mykje større grad enn den førre, seier Per Olav Noss (35).

– Vart for mykje

Fem år har gått sidan vokalisten og låtskrivaren frå Ål entra platemarknaden med skiva Hallingdølens Kniv. Popstjernedraumen levde – endeleg var han skikkeleg i gang. Intervju og promotering av musikken stod på planen, han skulle mellom anna på God Morgen Norge på TV2. Men så stansa ting heilt opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ganske nøyaktig ei veke før albumet kom ut fekk eg ein ordentleg nedtur. Det var ingen ytre faktorar som låg bak, plutseleg hadde eg det berre ikkje bra med meg sjølv lenger, det vart for mykje. Eg trur ikkje eg skal seie så veldig mykje meir enn det, seier Noss.

Skreiv låtar

Lanseringa av debutalbumet var likevel i gang, så songaren hang på så godt han kunne.

– Eg måtte berre halde fram og late som om alt var bra. Først då det roa seg litt på seinsommaren 2010 fekk eg tid til å ta meg inn igjen. Då skreiv eg tekstane til Redningsmann, fortel Noss.

Redningsmann.
Redningsmann.
Per Olav Noss har brukt fem år på å gjere album nummer to klart. Fredag blir Redningsmann lansert.
Per Olav Noss har brukt fem år på å gjere album nummer to klart. Fredag blir Redningsmann lansert.

I løpet av kort tid sende han av garde ein demo med tre låtar til produsent Arvid Wam Solvang, som mellom anna har jobba med Maria Mena, Vidar Johnsen og Peter Nordberg. Solvang gav tommel opp.

– Hausten 2011 begynte me å jobbe i studio, og plata var eigentleg klar med ti visepop- og folkrock-spor i 2012, seier Noss.

Finn redningsmannen

Men vokalisten måtte ut og lufte seg før han var klar for å dele musikken sin med publikum på ny. Han tok ein pause frå spelejobbar og studioarbeid og reiste til Svalbard. Fire månader arbeidde han der før han vende nasen heim, og pausen gav resultat: To nye låtar kom til og vart spelt inn i Solvang sitt studio, mellom anna Engel, som midt i juni vart lansert som singel.

– Eg har verkeleg brukt tid for å få albumet slik det no har blitt, men å lage bra ting tek tid. Eg har vore heldig å ha med meg veldig dyktige folk, og Redningsmann har blitt eit viktig album for meg. Eg gir vel på ein måte meir av meg sjølv på denne plata, seier Noss.

Eg har snubla, eg har dåtte, Eg har prøft å finne fram, Det eg treng no er ein redningsmann, syng han i Er det nokon som har sett’n ...? Låten rommar ikkje berre tittelen, men på eit vis også heile kjernen i den nye plata.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det noko eg ønskjer å fortelje med dette albumet, så er det at du må finne redningsmannen i deg sjølv, og så må du halde på han, seier Noss.