Vokalgruppa Brelett hadde gravøl og jubileum fredag 23. mai.
Vokalgruppa Brelett hadde gravøl og jubileum fredag 23. mai.

Får oss til å le og gråte

Etter 20 år trer vokalgruppa Brelett ned frå scena for siste gong. Flott og vemodig på same gong.

Ikkje hadde vel Brelett trudd dei skulle halde på i 20 år. Men med så mykje moro, reiser, song og framsyning har tida gått fort. Fredag takka damene for seg med ein mimrekveld i Bjørnehallen på Pers hotell i Gol.

– Me må vel gi oss før publikum ber oss, smiler musikalsk leiar Gunhild Gåsvik nokre minuttar før dei går på scena.

Artikkelen held fram under annonsen.

Damene som tør

Damene bestemte i haust at songgruppa Brelett skulle gi seg.

– Ikkje så sjarmerande kanskje med 50–60 år gamle halvnakne og halvgale damer på scena. Men det er vel kanskje også difor det har vore slik entusiasme og oppbakking kring koret, ler Kitty Line Scheen som har stått for skriving av dei fleste songtekstane gjennom alle år, på ekte Brelett-halling. No vil dei gi seg – før dei blir alt for gamle.

– Det er sjølvsagt trist også. Men utan Gunhild Gåsvik, som har vorte kultursjef, blir det ingen Brelett, seier Else Tandberg

For siste gong fekk me sjå Brelett på scena.
For siste gong fekk me sjå Brelett på scena.
Dei gir seg på topp.
Dei gir seg på topp.
Dette er damene som tør.
Dette er damene som tør.
Kitty Line Scheen har stått for skriving av dei fleste songtekstane gjennom alle år.
Kitty Line Scheen har stått for skriving av dei fleste songtekstane gjennom alle år.

– Eg hadde tenkt å gi meg for over eit år sidan då eg fekk ny jobb, men med tanke på jubileet måtte me berre halde på litt til, smiler Gåsvik og retter på bunaden. For dette er damene som tør. Tør å gå i bunad utan skjorte, tør setje opp kabaretar og syngje om mykje og mangt. Brelett har gjennom åra hatt kring 15 damer innom koret – som til dagleg ikkje har meir enn mellom åtte og ti medlemmar. 15 var samla i Bjørnehallen for gravøl, opphørssal og jubileum.

Overskotskor

Fredagens jubileum og gravøl hadde eit langt program.

– Dei kjem vel til å halde på til i mørgo tidleg, er det ein bak i publikum som kviskrar. Men så er det godbitane av dei 135 tekstane dei har laga i løpet av åra, 23 låtar stod på programmet. Og me kan trygt skrive under på at desse damene kunne halde på lenger.

Imellom songane får me både filmar og klipp på storskjerm som synte kva desse har fått til gjennom 20 år. I løpet av kvelden vart det òg eit kjapt møte med mellom anna 70-talet, Paris og James Bond, stemmerett og popmusikk. I tillegg til ein sofaprat med tidlegare medlemmar, ektefeller og andre. Brelett som har sunge seg gjennom fleire av bygdene i dalen vår, samt gjennom mange andre land, fekk passet sitt påskrive av annan kviskring me høyrde; «Dei er så gode at det er rart at dei sluttar». Og me nikka samd der me sat i mørket. Dei er verkeleg gode. Og dei har slett ikkje gløymd teksten heller i løpet av all denne tida.

Rart å slutte

– Det er eit overskotskor. Noko ein skal ha overskot til å halde på med. Og ein skal slutte medan ein er på topp. Vel, me er kanskje ikkje heilt på topp lenger, men ein kan ikkje halde på til ein er 90 eller 100 når ein syng. Det er det vel berre jazzmusikarar som kan, smiler Gåsvik som har arrangert så alle ungane kom på scena og overraska mødrene med ei rose kvar. Men sjølv fekk ho og ei overrasking, då mannfolka troppa på opp scena litt lenger ut i framsyninga – for å syngje ein song til konene sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir veldig rart å slutte i koret. Eg har ikkje budd her i Hallingdal utan Brelett, seier Gåsvik ein smule vemodig. Damene som har sunge i lag ein ettermiddag i veka i 20 år, skal framleis treffast ei helg i året. Og før ein veit ordet av det, har dei vel kome på noko nytt. For maken til iderike damer skal ein vel leite lenge etter.

Ein full sal gir ståande applaus etter siste nummer. Spørst om ikkje det lokkar til reprise ein dag? Kven kan vel leve utan musikken?