Brye Studio, Ål)
Brye Studio, Ål)

«Ein an’ dans» i Myren

Under utekonserten i Myren på Ål laurdag serverer Hallingdal Kraftlag smakebitar og slepper den nye cd-en «Ein an’ dans».

Hallingdal Kraftlag har lenge gått svanger med sin sjette cd. Det har gått ni år sidan dei gav ut «Ny Forsyning».

Plateslepp og utekonsert

No er ventetida over for alle som likar drivande god gamaldansmusikk og har venta på meir frå den populære kvartetten. Kapellmeister, låtskrivar og toraderspelemann Jostein Sørbøen har komponert 18 låtar som vart innspelt i lydlåven til Tor Magne Hallibakken på Svenkerud i februar/mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me valde å vente med lanseringa til Folkemusikkveka, for då når me eit stort publikum som likar gamaldansmusikk, seier Sørbøen.

Hallingdal Kraftlag slepper ikkje berre plata. Dei opnar utekonserten i Myren laurdag med å by opp til «Ein an´ dans» og servere smakebitar. Også under festkvelden på Thon Hotell fredag hadde kraftlaget låtar frå den nye cd-en på repertoaret.

Nytt og gamalt

Jostein Sørbøen er ein produktiv komponist. Til saman har han komponert rundt 100 gamaldanslåtar som Hallingdal Kraftlag har spelt inn og gitt ut.

Jostein Sørbøen har laga alle låtane på den nye cd-en til Hallingdal Kraftlag. (Arkivfoto)
Jostein Sørbøen har laga alle låtane på den nye cd-en til Hallingdal Kraftlag. (Arkivfoto)

– Låtane på «Ein an` dans» er eit utval av det som utklekt dei siste ni åra etter at me gav ut den forrige, seier han.

Hallingdal Kraftlag er rangert blant dei beste gamaldansorkestera i landet og har blant anna vore nominert til Spellemannsprisen. Driv, spenst og rytme er framleis varemerket. Men dei har også gjort ein ny vri, som cd-tittelen og tittellåten symboliserer.

– Publikum vil kjenne oss att, mesteparten er gamaldansmusikk i same stil som før. Men ettersom det er sjette plata, har me gått litt på sida av det me har gjort før. Me har tatt med nokre swinglåttar og lyriske innslag i tillegg til tradisjonell gamaldansmusikk, seier Jostein Sørbøen.

«Ein an` dans»

Sjette cd til Hallingdal Kraftlag

18 låtar komponert av Jostein Sørbøen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Besetning: Jostein Sørbøen, torader og kapellmeister. Oddvar Fingarsen, trekkspel. Jostein Fingarsen, gitar og «rytme-egg». Terje Tandberg, kontrabass.

Innspelt hjå Hallibakken Lydproduksjon

Utgitt av Norild Forlag

Cover: Brye Studio

Cd-en kan kjøpast ved å kontakte Jostein Sørbøen eller Norilds Musikk. Førebels ikkje i forretningar.