«År og Dag». Johan Brun stilte ut på Norsk Folkemuseum i 2005. Her framfor biletet av Tarjei Vesås.

«Eg fotograferte like godt alle fire ...»

Johan Brun (1922-2021) er død, 98 år gammal. Han var ein nestor i norsk presse, den mest kjende og profilerte norske pressefotografen nokosinne.

Han var fødd og oppvaksen i Uvdal og var fotograf i Dagbladet frå 1948 til han gjekk av med pensjon i 1989. Han fotograferte alle store hendingar og namn i tida innan politikk, næringsliv, kultur og idrett.

Anekdotar

Det knyter seg mange historier til Johan Brun. Den mest kjende er då blitsen hans blenda Hjalmar Andersen under EM på Bislett i 1951, slik at Hjallis ramla. Hjallis fekk gå om att – og tok gull. Seinare skværa dei opp og vart gode vener.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vart gode vener etterpå: Hjalmar «Hjallis» Andersen og Johan Brun.

Ei annan blitz-historie knyter seg til Johan Brun på ei Nobelutdeling på 50-talet. Blitsen hans eksploderte, så glasbitane hagla over kong Haakon. Dagen etter la Slottet ned kategorisk forbod mot all bruk av blits når kongen skulle fotograferast.

Brun var nok under middels interessert i popmusikk. Ein gong skulle han fotografere ABBA i Manglerudhallen i Oslo. Han kom attende til redaksjonen og orsaka seg: «Eg visste ikkje kven av dei på scena som var ABBA, så eg fotograferte like godt alle fire...».

Squaw Valley

Under OL i Squaw Valley i 1960 var Brun den einaste norske pressefotofotografen. Biletet av skøytekongen Knut «Kuppern» Johannessen på 10.000-meteren er blitt nesten ikonisk. Men for oss hallingar er det sylskarpe svevbiletet av skihopparen Ole Tom Nord, den gong sørlending, seinare halling, like interessant.

OL i Squaw Vallery 1960: Ole Tom Nord i svevet.

I samband med OL på Lillehammer i 1994 vart Johan hyra av Norges olympiske komite som fotosjef og han la ned eit stort arbeid for å skape gode forhold og «skotvinklar» for sine kollegaer.

Bøker

Etter Dagblad-karrieren vende Johan Brun seg mot norsk natur og har skapt mange vakre og lyriske naturbilete, som på ein måte står i kontrast til dei harde realitetane han ofte fotografert som pressefotograf.

Eit av dei mest ikoniske Brun-bileta: Sovande reinskalv på Hardangervidda.

Han gav ut fleire bøker. Her i Hallingdal kjenner me godt boka om Hallingskarvet, som han laga saman med filosofen Arne Næss.

I 2005 arrangerte Norsk Folkemuseum ei stor utstilling som viste eit tverrsnitt av hans fotografiske liv, saman med boka «År og dag».

Hallingskarvet

Johan Brun var ein flittig gjest i Hallingdal, ofte på veg til og frå sitt sommarparadis, Geitvassdalen på Hardangervidda. Han fotograferte Rolf Nesch på Ragnhildrud i Ål og Arne Næss på Tvergastein på Ustaoset. Han var radarpar saman med Morten Krogvold på fotosamlingar i Hallingdal, Italia og i Vågå (ein funksjon som hemsedølen Thomas Carlstrøm seinare overtok). Han hadde ein fast rutine; kvar gong han køyrde over Skurdalsåsen, stoppa han og tok eit bilete av Hallingskarvet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arne Næss og Johan Brun laga bok om Hallingskarvet saman.
Johan Brun køyrde aldri over Skurdalsåsen utan å ta eit bilete av Hallingskarvet. Dette er eitt av dei. (Foto: Johan Brun).
Rolf Nesch i arbeid med materialbiletet «Sildefisket» på Ragnhildrud i Ål omlag 1963.

Aldri nei

I Hallingdølen hadde me nokre år mykje med Johan Brun å gjere. Mange av bileta hans hadde tilknyting til vårt område og var av stor interesse for oss. Me brukte hans bilete i reportasjar både i magasina våre og i den vanlege avisa. Og det var aldri nei i Johan sin munn når me bad han om noko. Eg hadde gleda av å besøke han mange gonger i heimen på Tranby i Lier, der heile huset var sterkt prega av yrket til han som budde der. Det kunne vere vanskeleg å finne ein ledig stol, skreiv eg etter eit besøk, sidan det låg eit kamera eller ei linse i dei fleste. I kjellaren hadde han full fotoavdeling med studio, mørkerom, verkstad og arkiv, ei Alladins hole for ein yngre kollega.

Ein venn

No er hans store arkiv teke hand om av Norsk Folkemuseum og er under digitalisering.

I eit minneord sist veke skreiv hans venn og kollega Morten Krogvold dette:

«Nå er det tid for sorg, ettertanke, melankoli og dyp takknemlighet. Åndsmennesket, kulturpersonligheten, naturbarnet, livsfilosofen og fotografen Johan Brun er død».

Også her i Hallingdølen minnast me Johan Brun som ein stor personlegdom. Eg hadde gleda av å sjå på han som ein kollega og venn.