Mange hadde teke turen til gudstenesta sundag.
Mange hadde teke turen til gudstenesta sundag.

Difor vart feiringa ekstra spesiell

Sundag feira Skurdalen 50 år med eiga kyrkje. For fem av skurdølene var dagen ekstra spesiell.

For 50 år sidan, i 1969, innvigde dei nemleg kyrkja på kvart sitt vis.

5. juli gifta Bia og Kjell Christoffersen seg to månader før kyrkja var vigsla. Og 9. september vart Aslak Paalgard, Knut Vebjørnsen og Wenche Nedrestøl Lothe konfirmerte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lange diskusjonar

For dei totalt fire konfirmantane i Skurdalen i 1969 vart konfirmasjonen utsett frå våren til hausten.

– Den gongen måtte ein vere konfirmert for å gå på fest. Så du kan jo tenkje deg kva for tragedie det var at konfirmasjonen vart utsett, humrar Knut Vebjørnsen.

Dei hugsar dagen godt. Konfirmasjonen vart ei storhending i den særeigne kyrkja som hadde vore planlagt og omdiskutert i 50 år. Gjennom både 1930-talet og 1950-talet planla skurdølene ei kyrkje. Men plassering og ikkje minst arkitektur vart eit stridstema. Då reviderte teikningar skulle behandlast i formannskapet i Hol i november 1966, låg det føre eit protestskriv frå Skurdalen med 79 underskrifter. «Det er lagt opp til ein ny runde i krigen og Skurdalskyrkja», skreiv dei. Men forslaget frå arkitektfirmaet Helge Skoug sen. og Helge Skoug jr. vart til slutt vedteke i kommunestyret 2. februar 1967. Men det var ikkje utan debatt. Ein av to som stemte imot sa: «kjem denne kyrkja opp, melder eg meg ut av statskyrkja.»

Kjell og Bia Christoffersen gifta seg 5. juli 1969 som dei aller første i kyrkja i Skurdalen.
Kjell og Bia Christoffersen gifta seg 5. juli 1969 som dei aller første i kyrkja i Skurdalen.
Aslak Paalgard (t.v.), Wenche Nedrestøl Lothe og Knut Vebjørnsen var tilbake 50 år etter at dei vart konfirmerte.
Aslak Paalgard (t.v.), Wenche Nedrestøl Lothe og Knut Vebjørnsen var tilbake 50 år etter at dei vart konfirmerte.
Kyrkja i Skurdalen skil seg frå andre kyrkjebygg. Sundag vart festgudsteneste med Eldbjørg Nedrestøl og Solfrid Nestegard Gjeldokk på vokal, Lars Inge Tverberg (tangentar), Kjell Audun Holestøl (bass), Espen Wensaas (gitar) og Gaute Hovland Holtbakk (trommer).
Kyrkja i Skurdalen skil seg frå andre kyrkjebygg. Sundag vart festgudsteneste med Eldbjørg Nedrestøl og Solfrid Nestegard Gjeldokk på vokal, Lars Inge Tverberg (tangentar), Kjell Audun Holestøl (bass), Espen Wensaas (gitar) og Gaute Hovland Holtbakk (trommer).
I det flotte haustvêret hadde mange teke turen til Skurdalskyrkja.
I det flotte haustvêret hadde mange teke turen til Skurdalskyrkja.

Gullbryllaup

– Det var veldige diskusjonar. Men det vart ein fest då ho opna, minnest dei tre 50 års konfirmantane.

Omtrent på dagen 50 år etter at dei vart «forhøyrde», var dei meir avslappa no.

– Me var meir nervøse då enn no!

Meir nervøse då enn no var kanskje Kjell og Bia Christoffersen også. 5. juli fekk dei gifte seg i den heilt nye kyrkja.

– Gullbryllaupet har me alt feira. Men det blir ei ekstra feiring i dag. Det var veldig spesielt. Me føler litt ekstra for denne kyrkja, seier dei etter festgudstenesta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og det var ikkje så rart. Bia kjem frå garden Flatåker som gav grunn til gravplass og kyrkje.

– Og eg var organist her frå 1965 til 1998. Det vart mange år med salmar, seier Kjell.

Feira kyrkja

For 50 år sidan hadde dei bryllaupsfeiring på Dr. Holms.

Sundag vart dei med på feiringa og festmiddagen på Lia. Og det var dei ikkje aleine om.

– Me er samla til fest, sa prost Sveinung Hansen som forretta saman med prest Helle Maria Wollstad.

Og skurdølene feira kyrkja si, feststemte og kledde i bunad. Gløymde er dei tidvis bitre diskusjonane om arkitektur og materialval. I dag seier skurdøler og andre som besøker kyrkja som biskop Hauge under vigslinga i 1969: «Vi er no samla i ei lita perle av eit kyrkjebygg, arkitektonisk sterkt og kunstnarleg særmerkt.»