Trailersjåfør Stian Ekra på vegen.

Dette er årets lokalavisfoto

Hallingdølen vann Årets lokalavisfoto også i år.

Signe Fuglesteg Luksengard sin reportasje om Stian Ekra stakk av med hovudprisen i klasse Årets lokalavisfoto under landsmøtet i Landslaget for lokalaviser (LLA) i Drammen i helga. Ho følgde trailersjåfør Stian på jobb på Vestlandet, der han fortalde korleis han hadde teke tak i livet sitt og der jobben som tungbilsjåfør var viktig.

Sjå reportasjen her

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdølen vann fotoprisen også i fjor, den gongen for ein reportasje om heimefødsel. Og året før med ein serie frå juleball på Gol ungdomsskule.

Grunngjeving

Her er juryen si grunngjeving for årets pris:

«Vinnaren av årets lokalavisfoto har tatt grep om ein tabubelagt problematikk. Dette er djervt av Stian som stiller opp, men også av avisa og fotografen. Det er ein fotografisk stilsikker serie med ei gjennomgåande poetisk stemning. Den journalistiske tematikken kjem fram i bileta. Serien har uro og nerve. Det er varme i tilnærminga, bileta er med på å skape sympati.

Trailersjåfør Stian Ekra på vegen.
Trailersjåfør Stian Ekra på vegen.
Trailersjåfør Stian Ekra på vegen.

Bileta er både veldig tett på den det handlar om og distansert gjennom tablå. Fotografen har tort å snu seg rundt og ta bilete der hovudpersonen ikkje er med. Det er tydeleg at fotografen har hatt ein visuell plan, og gjort ein innsats for å gjennomføra planen. I motsetnad til mange andre innsende seriar er han stramt redigert. Kul bruk av portrettet på framsida, med ein nydeleg tittel».

Hallingdølen har følgd utryddinga av villreinstamma i Nordfjella tett.

Journalistpris

LLAs journalistpris gjekk denne gongen til Svalbardposten.

Her fekk Caroline Utti og Hallingdølen heiderleg omtale for måten dei har dokumentert kampen mot skrantesjuke på villrein i Nordfjella.

«Avisa og journalisten har vore uthaldande og vist journalistisk spennvidd. Med nærgåande og grundige nyheitsartiklar har dei halde tak i ei fortløpande utvikling, tydeleg med eit mål om å vera nyheitsleiande i saka.

Med tette, nærgåande og visuelle reportasjar av fotografisk svært høg kvalitet har dei kome tett på menneske, natur og dyr, og slik bidrege til å skape forståing rundt vanskelege val, tilført nyansar i sakskomplekset og auka kunnskapen hos lesarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Redaksjonen har skapt og opna for debatt i spaltene sine rundt ei omstridd og omfattande sak – utan klare svar.

Ambisjonane om å dokumentere så grundig og omfattande over tid viser ei lokalavis som er medviten sitt samfunnsoppdrag».

Kvinnheringen

Hovudprisen Årets lokalavis gjekk i år til Kvinnheringen som kjem ut på Husnes i Kvinnherad. Dølen og Strandbuen fekk heiderleg omtale. Saltenposten fekk marknadsprisen og Gjesdalbuen prisen for årets digitale satsing.