Lars Ivar Eriksen Larsgard frå Hol.
Lars Ivar Eriksen Larsgard frå Hol.

Desse går vidare til landsfinalen i UKM

Sist helg møttest talentfull ungdom til UKM fylkesmønstring. No er det klart kven som skal representere Buskerud i landsmønstringa.

I slutten av juni er det landsfestival i Ung Kultur Møtes (UKM). Eit fagpanel har no valt ut kven som skal representere Buskerud i landsfestivalen. Panelet har gått etter kriterium som kvalitet, mangfald, breidde og geografisk spreiing.

Dei som går vidare er:

Artikkelen held fram under annonsen.

Kunst

* Janne Rotegard med kunstverket «Fargefantasi» – 17 år frå Nore og Uvdal kommune

* Kristian Lerberg med kunstverket «Spade» – 17 år frå Hol kommune

* Ida Marie Jacklin Wesetrud med kunstverket «Behov» – 17 år frå Kongsberg kommune

Solveig Braaten frå Ål.
Solveig Braaten frå Ål.
Kristian Lerberg frå Hol.
Kristian Lerberg frå Hol.
Amelia Gòmez Snerte.
Amelia Gòmez Snerte.

* Hedda Kristine Wium Karlsen med kunstverket «Elsa» – 20 år frå Lier kommune

Dans

* Anna Alpana Fjerstad Tvedt med dans til «Cosmic Love» – 17 år frå Røyken Kommune

Litteratur

* Jon Eivind Hallgren med teksten «Reist» – 19 år frå Røyken

Film

* Ukult ved Lars Ivar Eriksen Larsgard med filmen «Parterapi» – 13–15 år frå Hol kommune

Konferansier

* Amelia Gòmez Snerte – 17 år frå Hemsedal kommune

Artikkelen held fram under annonsen.

Musikk

* Solveig Braaten med pianostykket «Ungarsk dans nr. 7» – 14 år frå Ål kommune

* Bassel Shehab med låten «Malkon bi ekhta» – 17 år frå Modum kommune

* Bandet «Kjør da!» med låten «Teddy» – Sigrid Nordby (16 år), Emil Losvik (19 år), Sara Ebid (15 år) og Julie Holtan (15 år) frå Ringerike kommune

* Alexander Dokken med låten «Both Sides Now» – 15 år frå Kongsberg kommune

Den 12. april blir dei som går vidare som Unge Arrangører og UKM Media offentleggjort.