Konserten med Janove trekte mange til Hemsedal. (Arkivfoto)
Konserten med Janove trekte mange til Hemsedal. (Arkivfoto)

Desse festivalane får støtte frå Kulturrådet

Kulturrådet gjev økonomisk støtte til to musikkfestivalar i Hallingdal.

Folkemusikkveka i Ål får 800.000 kroner i statleg støtte i 2019 og 850.000 kroner i 2020.

Den andre aktøren som får pengar frå Kulturrådet er Fauskivalen i Hemsedal. Der blir det løyvd 150.000 kroner i 2019.

Artikkelen held fram under annonsen.

Begge festivalane hadde søkt om litt meir enn dei fekk. Folkemusikkveka søkte om 1.000.000 kr, Fauskivalen 180.000 kr.

Kulturrådet fordelte i alt 230 millionar kroner til musikkfestivalar over heile landet fordelt på dei to åra. 158 små og store festivalar får støtte.

Andre festivalar i Buskerud som får pengar frå denne potten er:

Stein Torleif Bjella og Per Anders Buen Garnås i aksjon under kyrkjekonserten. (Arkiv)
Stein Torleif Bjella og Per Anders Buen Garnås i aksjon under kyrkjekonserten. (Arkiv)

* Drammen Sacred Music Festival 200.000 (2019)

* Glogerfestspillene 600.000 (2019)

* Johan Halvorsen Musikkfest 250.000 (2019)

* Kongsberg Jazzfestival 2.600.000 (2019) og 2.800.000 (2020)