annonse

Denne bilen hadde ein heilt spesiell eigar

Tok kaka
Tok kaka: Sonja Henies Porsche Roadster 53-modell var hovudattraksjonen på sundag, og vart ein publikumsfavoritt. (Foto: Ingrid Emilie B. Waaler)
Granada
Granada: Lina Eleonora Varsla (4) frå Eggedal var på treffet saman med far og mor, som også hadde med seg ein Ford, men det var blant boblene Lina fann si favorittbil. (Foto: Ingrid Emilie B. Waaler)
Masse arbeid
Masse arbeid: Bodil Bønsnes og Arne Grønvold hadde med seg sin Triumph Spitfire 1500, og hadde sette opp campingstolar og bord ved bilen. – Han kjøpte bilen i dårleg stand, og det har kosta mykje å få han bra, sa Bønsnes. (Foto: Ingrid Emilie B. Waaler)
Konvoi
Konvoi: Litt forsinka kom desse amerikanske truckane til Nesbyen, til stor glede for dei besøkande. Lastebilane hadde hatt treff på Gol laurdagen. (Foto: Ingrid Emilie B. Waaler)
Veteranvogntreff
Veteranvogntreff: Erik Gjermundsen hadde med seg to minibilar til Nesbyen, den eine ein Messerschmitt KR200 56-modell. – Ein blanding av flygemaskin, motorsykkel, og smilemaskin, pleier eg å si, sa Gjermundsen om den vesle raude. Med seg hadde han kona Mary-Ann Gjermundsen. (Foto: Ingrid Emilie B. Waaler)
Populært
Populært: Det var tett i tett med folk, bilar, samt motorsyklar under Veteranvogntreffet sundag. (Foto: Ingrid Emilie B. Waaler)
Sundagens yngste deltakar
Sundagens yngste deltakar: Henry Seglem Trageton (4 mnd.), her på armen til pappa Thomas Trageton. Dei hadde også med seg Falk Andersen (9) som var på besøk i helga. (Foto: Ingrid Emilie B. Waaler)
Pynta
Pynta: Jon Helge Bye og Liv Betsy Baggethun frå Brumunddal hadde stasa seg ekstra opp for høvet. (Foto: Ingrid Emilie B. Waaler)
Samla folk
Samla folk: Veteranvogntreff på Nesbyen sundag formiddag. (Foto: )
Bentley
Bentley: Kåre Solem tok turen frå Krokstadelva med sin Bentley, som han kjøpte for 19 år sia. Bilen er ein 1947-modell, og er ein av dei einaste av sitt slag som er køyrbare i Norge. (Foto: Ingrid Emilie B. Waaler)
Bentley
Bentley: Kåre Solem tok turen frå Krokstadelva med sin Bentley, som han kjøpte for 19 år sia. Bilen er ein 1947-modell, og er ein av dei einaste av sitt slag som er køyrbare i Norge. (Foto: Ingrid Emilie B. Waaler)

+ Det var tett av folk og bilar under Veteranvogntreffet på Nesbyen sundag. Sonja Henies Porsche Roadster 1953-modell vart ein naturleg favoritt hos publikum.

  • Ingrid Emilie B. Waaler


annonse