Helga Myhr (t.v.) og Rasmus Kjorstad i aksjon under Folkemusikkveka 2017. I midten Selma French Bolstad. (Arkivfoto)
Helga Myhr (t.v.) og Rasmus Kjorstad i aksjon under Folkemusikkveka 2017. I midten Selma French Bolstad. (Arkivfoto)

Dei får denne gjæve minneprisen

Øyvind Berghs minnepris blir i år delt ut til to utøvarar; Helga Myhr og Rasmus Kjorstad.

Minneprisen, som i år feirar 30 år, går til unge lovande fiolinistar. Prisen er på 20.000 kroner til kvar av vinnarane, og blir delt ut under Peer Gynt-stemnet på Vinstra 10. august.

– Dette synest me er stas. Det er stort å få ein pris som så mange dyktige musikarar har fått før oss, og det er inspirerande at folk ser det ein driv med. Prisen gjev oss motivasjon til å fortsetja arbeidet med folkemusikken, seier prisvinnarane til ballade.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå Torpo og Fron

Helga Myhr er hardingfelespelar og kvedar frå Torpo. Rasmus Kjorstad er folkemusikar frå Fron i Gudbrandsdalen. Begge blir denne våren ferdige på folkemusikkstudiet ved Norges musikkhøgskole i Oslo.

Dei spelar begge i ei rekkje grupper og konstellasjonar, og opptrer også mykje saman. Myhr og Kjorstad har hatt fleire konsertar i Hallingdal.

Heilt i front

Utøvarane er, ifølgje juryen, på kvar sin måte heilt i norgestoppen innanfor folkemusikken.

– Utøvarane er heilt i front i utviklinga av musikksjangeren. Når det likevel var eit jubileum for prisen, tykte me det var eit godt alternativ at begge utøvarane fekk prisen, uttaler juryen til ballade.no. Juryen består av Trude Bergh, Rolf Lennart Stensø, Gjermund Larsen og May Brit Støve.

Kjente namn

Minneprisen etter dirigent og fiolinist Øyvind Bergh har vore delt ut under det årlege Peer Gynt-stemnet på Vinstra sidan 1989. Av andre som har fått prisen kan me nemne Annbjørg Lien, Ragnhild og Eldbjørg Hemsing, Åse Teigland, Øystein Rudi og Sonoko Miriam Welde.