Frå venstre Iris Almås Tangeraas (Folkemusikkveka), kulturhusleiar Thor Olav Fjellhøi, dansarane Ådne G. Kolbjørnshus, Silje Onstad Hålien og Margit Myhr. Til høgre Anders Løfberg og bak Andreas Ljones.
Frå venstre Iris Almås Tangeraas (Folkemusikkveka), kulturhusleiar Thor Olav Fjellhøi, dansarane Ådne G. Kolbjørnshus, Silje Onstad Hålien og Margit Myhr. Til høgre Anders Løfberg og bak Andreas Ljones.

Dansar årstidsspiralen

Onsdagens danseframsyning med gruppa Villniss er ikkje berre premiere på eit nytt show, men også på samarbeidet ved den nye landsdelsscena for dans.

– Me er tre aktørar bak dette, Ål kulturhus, Folkemusikkveka og gruppa Villniss, forklarar kulturhusleiar Thor Olav Fjellhøi.

Sentrum

– Tanken bak landsdelsscena for dans er å skape ei prosjektscene som kan gjere Ål til eit kraftsentrum for dans. Det kan dreie seg om kurs, seminar og undervisning, eller å arbeide fram førestillingar, som i dette tilfellet. Og eit slikt samarbeid kan involvere mange aktørar på dansefronten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Under folkemusikkveka er det som regel ein stor konsentrasjon av kompetanse i bygda. Me vonar å kunne dra nytte av dette både før, under og etter arrangementet, ved å ha til dømes workshops og seminar der me spelar på den kunnskapen som kjem hit, samtidig som det kan munne ut i ei førestilling, seier Iris Almås Tangeraas på vegner av Folkemusikkveka.

Visuell

– Båten blir til medan me ror, seier Silje Onstad Hålien, som saman med Andreas Ljones starta Villniss for to år sidan. Dei har bak seg danseframsyninga «Dei to systrene» på Riksscenen. Den nye framsyninga «Årstidene» har premiere i morgon, onsdag. Då Hallingdølen besøkte prøva måndag, var arbeidet med å forme ut framsyninga i full gang.

Margit Myhr frå Torpo er også med i denne produksjonen. Ho syng, dansar og spelar lyre i ein produksjon som byr på heilt spesielle visuelle effektar.

Margit Myhr er med i førestillinga. I bakgrunnen Silje Onstad Hålien og Ådne G. Kolbjørnshus.
Margit Myhr er med i førestillinga. I bakgrunnen Silje Onstad Hålien og Ådne G. Kolbjørnshus.
Silje Onstad Hålien under prøvene til «Årstidene».
Silje Onstad Hålien under prøvene til «Årstidene».

– Det er stor stas å få bli med denne gjengen her, seier Margit.

Ein spiral

Framsyninga tek i bruk 16 store vifter som står i ein ring på scena. Vinden frå desse blæs opp store, farga sjal som, kombinert med lyset, gir inntrykk av å danse i lufta.

– Me har bygd på syklusen i årstidene, seier Silje Onstad Hålien. Årstidene dannar ein evig sirkel, ein spiral om ein vil, og akkurat slik er det med menneskelivet og. Det er dette me prøver å formidle gjennom musikk, dans og visuelle uttrykk. Og heile tida byggjer me på folkemusikken som eit grunnelement, seier ho.

Sameksistens

Villniss Dansekompani er skapt av «eit felles ønskje om å utforske det forteljande i dans og musikk, og utfordre sameksistensen mellom levande musikk og dans på ei scene», står det i programheftet.

Forutan Margit Myhr, Hålien og Ådne G. Kolbjørnshus medverkar Andreas Ljones på fele og Anders Løfberg på cello, medan Sture Moslåtten styrer lyseffektane. Ljones kjenner me frå tidlegare framsyningar med Frikar, der han som sprek felespelar tok baklengs salto medan han spelte. Det står ikkje på programmet denne gongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forsvare tittelen

Som så mange andre unge musikarar, både innan folkemusikken og klassisk musikk, kjem Silje Onstad Hålien og Ådne Kolbjørnshus frå Valdres.

Korleis klarar Valdres å skaffe fram så mange gåverik unge musikarar?

– Å du veit, me er oppflaska på frisk fjelluft og reint vatn, så då må det bli bra, seier Silje Onstad Hålien.

Mange vil nok hugse at Ådne G. Kolbjørnshus gjekk av med sigeren under lausdanstevlinga i Myren under folkemusikkveka i fjor. Komande laurdag skal han forsvare tittelen, og med fleire Frikar’ar i bygda kan konkurransen bli hard.

Men først er det premiere på «Årstidene» i Ål kulturhus onsdag.