Vidar Smith (f.v.) og Sigurd Evjen enda på femteplass under helgas Bridge-NM på Storefjell.
Vidar Smith (f.v.) og Sigurd Evjen enda på femteplass under helgas Bridge-NM på Storefjell.

Bridge-Evjen på femteplass

Sigurd Evjen frå Gol og makker Vidar Smith enda på femteplass etter helgas Bridge-NM på Storefjell.

Helgas norgesmeisterskap i bridge gjekk over tre dagar med heile 159 spel. Blant dei 54 laga som kjempa om pallplass, var Sigurd Evjen frå Gol og makker Vidar Smith frå Vikersund. Det vart ein jamn kamp, og etter to dagar med spel låg duoen på tredjeplass. Evjen og Smith hausta mange poeng også på siste konkurransedag – men det same gjorde motstandarane.

– Me låg godt an og hadde ein score som normalt ville heldt til medalje. Men det var veldig jamt mellom para på 2. – 6.-plass, og me var litt uheldige med marginane der. Tre par hadde hårfint meir poeng enn oss, seier Evjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sundag vart det klart at «heimelaget» enda på femteplass med 55,6 prosent.

– Me er fornøgde med eigen speling.

– Korleis var det å spele på heimebane?

– At det var på heimebane hadde ikkje så mykje å seie. Men Storefjell har veldig fine lokale å spele i. I tillegg var det kjempevêr, og fjellet viste seg frå ei flott side i helga. Så eg har trua på at det kan bli fleire slike finalar her, seier golingen.

Til slutt vart det altså Sam Inge Høyland og Jo Arne Ovesen frå TopBridge BC som med sine 58,6 prosent stakk av med fyrsteplassen. Christian Bakke og Tor Eivind Grude (NBF Midt-Trøndelag) tok fyrsteplassen, føre Svein Gunnar Karlberg og Kurt-Ove Thomassen (NBF Helgeland) på tredjeplass.