Programleiar Charlotte Haarvik Sanden, vaktsjef Bjarne Tormodsgard og redaktør i Hallingdølen, Embrik Luksengard.

Bli med bak kulissane då NRK sende direkte frå Hallingdølen

– Dette vart kjempefint, no må eg nesten begynne å abonnere på Hallingdølen. Programleiar Charlotte Haarvik Sanden og «Norge Nå»-redaksjonen sende tysdag direkte frå avishuset i Hallingdal.

– Har alle køyreplanen? Me startar med Charlotte i gangen og så går me over til altanen. Produsent Lars Chr. Wallace har samla alle 13 i NRK-crewet ein times tid før sending. Dei skal sende direkte i ein halv time, frå Hallingdølens lokale i Ål. Heile sendinga er sett av til norske lokalaviser i kveld. «Hallingdølen har fleire gonger blitt kåra til Årets lokalavis. Kva er hemmelegheita bak suksessen og kor viktig er eigentleg lokalavisene?», heiter det i programomtalen.

SJÅ SENDINGA HER.

Artikkelen held fram under annonsen.

Programleiar Charlotte Haarvik Sanden opna tysdagens utgåve av "Norge Nå" i trappeoppgangen i Hallingdølen-bygget.

Stoltheit

Snart skal sendinga begynne og redaktør Embrik Luksengard og vaktsjef Bjarne Tormodsgard trippar spent i gangane. Med i sendinga skal også styreleiar i Landslaget for Lokalaviser (LLA), Tomas Bruvik, vera. I tillegg til sjølvaste «badesken», Ken André Ottesen, som gjer det stort med instagram-kontoen der han lagar moro av norske lokalaviser. Mens nokre grin på nasen om dei hamnar på sida hans, tek dei aller fleste lokalavisjournalistar det som eit stort kompliment.

– Det er veldig stas for folk å koma i lokalavisa. Og dei smiler på biletet, uansett kva saka handlar om. Det skal heller ingenting til for å koma i lokalavisa, og det er veldig fint, slår Ottesen fast. Sjølv jobbar han på desken til VG og konstaterer at her er det ytst få som får plass i spaltene, som oftast må dei vera veldig rike eller verdsmeistrar i noko.

– Dei fleste av oss er ikkje i nærleiken av det, og det er heldigvis inga grense for kva som skal til for å hamne i lokalavisa, seier «badesken». LLA-leiaren er samd:

Programleiar Charlotte Haarvik Sanden, saman med vaktsjef Bjarne Tormodsgard og redaktør Embrik Luksengard i Hallingdølen.
Diploma i trappa må med, lysmann og fotograf Tore Zakariassen.
F.v. Roger Myren (fotograf), programleiar Charlotte Haarvik Sanden og Ken André Ottesen (badesken).
Programleiar Charlotte Haarvik Sanden og redaktør i Hallingdølen, Embrik Luksengard

– Badesken er heilt fantastisk og er med på å skape stoltheit i lokalavisene.

Krevjande å nå dei unge

Tomas Bruvik får god tid til å prate om kvifor norske lokalaviser er så viktige.

– Me er dei einaste som skriv om det som skjer i lokalsamfunna, om folk, nyheiter og sterke historier, seier Bruvik. Han vedgår at snittalderen for avislesarar er høg, rundt 60 år på papir og 50 år på nett.

– Me må jobbe for å få dei unge med oss, ved å skrive om dei og vera viktig for dei, meiner Bruvik.

Embrik Luksengard og Bjarne Tormodsgard får fortelje om Hallingdølen og kor viktig det er at avisa skapar engasjement og debatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Avisa er ein fellesarena for folk i Hallingdal, for nyheitsformidling og debatt, og er viktig for å bygge identitet i regionen, seier Luksengard. At avisa klarar å skape engasjement og debatt er bra, meiner Luksengard og Tormodsgard. At det kan gå ei kule varmt etter ein leiarartikkel er ikkje noko problem, seier dei to.

– Så lenge du har belegg for det du skriv, og behandlar folk med respekt, går det bra, seier Tormodsgard.

Arild Eikeland (lyd) og Ken André Ottesen (badesken).
Programleiar Charlotte Haarvik Sanden, redaktør i Hallingdølen Embrik Luksengard og styreleiar i Landslaget for Lokalaviser Tomas Bruvik.

– Over all forventing

– Kva mistar me om Hallingdølen forsvinn?, spør programleiaren.

– Då mistar me ein felles møteplass og grunnlaget for å engasjere seg i lokalsamfunnet. Avisa er viktig for å bygge opp identiteten til regionen, og me formidlar historiene til folk flest, seier Luksengard.

– Om Hallingdølen forsvinn vil Hallingdal som region smuldre, slår Tormodsgard fast.

Programleiar Charlotte Haarvik Sanden og redaktør i Hallingdølen, Embrik Luksengard.

Etter sendinga er både intervjuobjekt og NRK-gjengen fornøgde med resultatet.

– Dette vart veldig fint, seier programleiar Charlotte Haarvik Sanden: – Redaktørane var strålande. Ken André var morosam og eg lo sikkert alt for høgt, og Tomas sette det heile i perspektiv. I reportasjane var det også fine folk med, så sendinga gjekk over all forventning, oppsummerer Sanden.

NRK-teamet held seg i Hallingdal. Onsdag sender dei frå ostebygda Hol og torsdag er Skarverennet tema. Dette er den siste veka med «Norge Nå» før sommaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

F.v. Arild Eikeland (lyd), Ruth Følstad (lyd) og Lars Chr. Wallace (produsent). Bak Tore Zakariassen (lys/foto), Erling Johnsen (teknisk leiar), Pål Kristian Lindseth (researcher) og Caroline Bækkelund Hauge (reporter).
Tordis Gauteplass (fotograf) og Lars Chr. Wallace (produsent).
Ken André Ottesen, badesken i eigen person.
Før sending.
Lars Chr. Wallace, produsent.
Frå kontrollrommet i minibussen utanfor, Ruth Følstad (lyd).
f.v. Erling Johnsen (teknisk leiar), Pål Kristian Lindseth (researcher) og Arild Eikeland (lyd).
Stort mannskap på 13 personar, og mykje utstyr
Lysmann og fotograf Tore Zakariassen.