– Svigerfar hadde hytte på Sjusjøen. Men det er jo ikkje som Geilo. Det er noko anna med høgfjellet, seier Sven Nordin. Så ofte han kan er han og kona på besøk hjå dottera i Ustedalen.

Altmoglegmann

- Eg har sagt at så lenge dei vil ha meg, så kan eg spele Wisting. Eg kan spela Wisting til eg treng bleier og gåstol, eg.

Sven Nordin er heime hjå dottera på Geilo. Den store mannen ler over kjøkenbordet. I april kom Viaplay-serien der han traska rundt i eit vinterkledd Larvik. Han gjekk i etterforskarkleda til forfattar Jørn Lier Horsts krimhelt. Karakteren William Wisting var på jakt etter ein seriemordar som vart stadig meir brutal.

I gangen står Wisting-skoa, dei Nordin fekk behalde etter innspelinga, og ber bod om at ein ny sesong ikkje er heilt utenkeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg merkar at folk ventar. Når kjem neste sesong? Kva for bok er det neste basert på? spør dei. Det er ikkje heilt urealistisk at det kjem meir. Eg kan ikkje seie kva og kven og korleis, men det er ting som tyder på at det kan kome meir.

Wisting har vore ein stor suksess. Mange har fått med seg krimserien. Den er seld til fleire land, og har hatt gode sjåartal i Norden. Talet på strøymetenester har auka, og også skodespelarane merkar at bransjen er i endring.

- Det er ei ny verd med at serieuniverset har vorte så stort. No ser folk det dei vil når dei vil. Me har fått heile verda inn i stova. Det er stor skilnad frå då me laga Mot i Brøstet på nittitalet. Då benka folk seg framfor TV-en kvar måndag kl. 19.30, og prata om det i lunsjen dagen etter. Då me laga Elling, gjekk 850.000 på kino for å sjå filmane. I dag brukar mange av oss heile arbeidsdagen framfor ein skjerm, før me går heim og brukar resten av kvelden framfor ein anan skjerm. Kinobransjen har ei utfordring med å finne ut kva som skal til for å lokke folk ut av huset.

Sven Nordin

Fødd: 6. februar 1957

Frå: Oslo

Kjent frå teater, film og tv

Starta som skodespelar på Oslo Nye etter teaterhøgskulen, og vart seinare tilsett ved Nationalteateret.

Kjent frå m.a.:

– Mot i Brøstet, Vestavind, Hos Martin, Valkyrien, Wisting (TV)

– Elling-filmane,, Børning, Sønner av Norge (Film)

- Elling og Kjell-Bjarne, I blanke messingen, Pappa, Hulemannen, Bestefar. (Scene)

Vart riddar av 1. klasse i St. Olavs Orden i 2009.

Den tredje av Børning-filmane, der han har ei av rollene, har premiere neste år. Om dei bikkar 400.000 publikummarar på kino er dei nøgde.

– Eg forstår at ein del av dei tradisjonelle TV-nettverka er uroa fordi gigantane innan strøymetenester har så store økonomiske musklar. Det er ei stor omstilling i marknaden. Konkurransen er hard, men samstundes blir det mykje å gjere for oss som er skodespelarar.

– Danskane har vore gode på drama, svenskane har vore gode på film. No seier nordiske kolleger at me i Norge har kome etter. Me lagar mykje bra om dagen, meiner Sven Nordin.

På rollelista har han både Ibsens «Brand», nemnde krimetterforskar Wisting og Nils i Mot i Brøstet. Men Nordin har også gjort det stovereint i miljøet å gjera reklame.

- Eg hadde ein lærar som sa at «du må passe på spreie møkka di litt over alt, då får du alltid jobb». Det er fint å ha mange bein å stå på. Eg har halde på i så mange år og har eit så stort spenn, at eg alltid får tilbod om jobb.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidleg på 90-talet sa han opp den faste jobben ved Nationaltheateret for å spele i Noregs fyrste sitcom-serie, Mot i Brøstet. Den sjansen har han aldri angra på at han tok.

- Det er berre gjennom film og TV du når eit så stort publikum. Du kan vere eit heilt liv på teaterscena utan at nokon veit kven du er.

Men «alle» visste kven Sven Nordin var. På det verste var merksemda så voldsom at han knapt kunne følge ungane på trening. Sjangeren gav meirsmak. Etter at «Nils» sparka av seg skoa i gangen for siste gong, har Nordin hatt fleire roller i komedie, både på TV og teater.

- Om dei får sjansen, rår eg yngre skodespelarar til å spele komedie. Komedie er konkret og målbart. Du skal få folk til å le. Klarer du ikkje det, har du mislukkast. Eg meiner det er lurt å vera med på ulike ting, TV, radio, vere litt seriøs og spele komedie. Dei unge i dag ser på film og TV-bransjen som meir prestisje enn å jobbe på teater. Det har endra seg. Eg trur dei blir freista av den nye verda der ute, og det forstår eg. Det finst jobbar i utanlandske seriar, men det er få skandinaviske skodespelarar som har gjort karriere i utanlandske filmar.

– På Geilo har eg ferie. Her eg bestefar. Eg hjelper til med henting og levering i barnehagen, og ser ungane stå snowboard, fortel Sven Nordin.

Sjølv har han ikkje kjent suget etter Hollywood. Han fekk ein liten smak av den verda då filmen «Elling» var nominert til Oscar i 2002. Agenten meinte han skulle oppsøke agentbyrå då dei var i LA. Ta med filmen og prate med dei. Overalt vart dei møtte med entusiasme og ros for ein fantastisk film.

- It’s so great, so great, sa dei. Dei hadde faen ikkje sett filmen ein gong!

Den skuffen med roller dei drog ut var full av tyske ubåtkapteinar, vikingkongar og nazioffiserar. Det er vanskeleg å lukkast i vanlege roller når du ikkje har språket. Då er heimemarknaden meir enn stor nok. Eg har meir enn nok å gjere her heime. Då kan eg heller gjere ting som er norske, som er så bra at dei slår an i utlandet. Både Valkyrien som me gjorde for nokre år sidan, og Wisting, er av desse.

Folk karakteriserer han som «ein pottitt» innanfor skodespelarbransjen. Pendelen svingar breitt, frå veldig seriøse roller til rein humor.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Om du skal setje ein merkelapp på meg, så er eg ein karakterskodespelar. Eg likar karakterar som er tydelege og fargerike. Som han gærne pappaen i filmen «Sønner av Norge». Han som køyrer naken på motorsykkel og nektar å bli vaksen.

Rake motsetninga av han sjølv. Eigentleg er han ikkje så modig. Sjølv kallar han seg litt sky i sosiale settingar. Han har sagt nei til alle realitykonsept som finst, opptil fleire gonger. Og han går ikkje på kjendisfestar.

- Eg trivst ikkje som meg sjølv i slike settingar. Eg er ikkje glad i det, synst dei er corny og rare. Og eg meiner ikkje eg treng publisiteten. Det er ikkje noko gale i seg sjølv. Men å stå framfor ein vegg og fortelje kvar dressen min kjem frå, det er ikkje meg. Då er eg heller på Lindmo eller Skavland og pratar om ting eg driv med.

– Torhild seier at ofte at det der gjer me sjølv når det er noko som skal gjerast på hytta. Då seier eg at dette landet er jo fullt av folk som har utdanna seg i dette, kan me ikkje bruke dei då?

Han meiner sjølv han har mykje til felles med William Wisting.

- Wisting er ein streit fyr. Normalen er at krimheltar har ein demon. Dei drikk for mykje, har ei sær interesse, eller blir som Harry Hole med nåla i armen. Wisting er ein stødig familiemann. Men han slit med dårleg samvit fordi han har gen for å bli arbeidsnarkoman. Han blir distrahert, gløymer avtalar og er lite til stades i det private.

Som skodespelar og far kjenner Nordin seg att. Det er ikkje enkelt å få jobb og privatliv til å gå opp.

Verken drapsetterforskar eller skodespelar er nokon ni til fire-jobb. Får etterforskaren tips midt på natta, må han forlate alt og reise ut. Skodespelarane har sjeldan fri når andre har fri, helg er ikkje helg når du har framsyning både fredag og laurdag.

- Eg kjenner meg godt igjen i Wisting, og trur han ligg ganske tett opptil meg som person. Han er sosialt omgjengeleg og godt likt av dei han jobbar med. Eg føler at eg er ein person som fungerer bra sosialt, og er ein som folk likar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men iblant kan han bli litt for mykje kaptein på skuta.

- Det hender eg får høyre at eg ikkje treng å ta på meg kapteinsbindet kvar gong me kjem på sett. At eg kan tenke på mitt, så klarer dei andre seg sikkert. Det gjer Wisting òg, tek på seg ansvaret. Men teater er samarbeid, det blir ikkje betre enn det svakaste leddet. Slik er det også med drapsetterforsking.

Wisting er kontrast til Nils frå Mot i Brøstet og Kjell-Bjarne frå Ellingfilmane. Begge karakterar som har betydd mykje på kva sin måte.

- Kjell-Bjarne er ein outrert, veldig vakker person, veldig søt. Eit lite barn i ein stor kropp. Han er veldig barnleg i heile sitt vesen, naiv og utruleg snill. Det universet var veldig fint, og ei av rollene eg har likt best å spele.

I Ingvar Ambjørnsens verd er Kjell-Bjarne død. I den siste romanen står hovudkarakteren Elling att utan parkameraten.

- Det var litt rart å lese inn den lydboka, «Ekko av en venn». Ingvar gir ikkje svar på kva som har skjedd med Kjell-Bjarne, berre at han måtte døy. Han måtte døy for at Elling skulle sitje att åleine i den verda han starta i. Han har vorte nettroll og verdsmeister framfor pc-en i ein kjellar.

Det trur eg passar han fint.

I Wisting spelar Nordin mot LA-baserte Carrie Anne Moss. - Ho meinte Larvik om vinteren var utruleg vakker. Det kan du ikkje meine, sa eg, som har hytte der.

Sjølv er han ikkje særleg ven med teknologien.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Der har eplet falle veldig langt frå stammen. Mor mi var dataprogrammerar. Det var veldig uvanleg på den tida at ei kvinne kunne en så mykje om data. Det har ikkje arva. Eg trur folk hadde vorte overraska over kor lite handy og teknisk eg er. Mange har kanskje eit bilete av at eg er fiksar det meste fordi eg er ein stor mann med maskulin aproach. Men eg pleier å si at «Torhild er mannen i forholdet». Det er ho som er handverkaren, medan eg ryddar, reier opp senger og lagar mat.

Då dottera Mira og Bernhard pussa opp, fekk han lov å vera med å rive.

– Eg er jævlig god med brekkjern, men eg er ikkje han som driv med småpirk. Eg er ikkje han som får måle sprossene i vindauga.

«Det er veldig herleg å kvile i noko som er fire kilo kveitemjøl og ei heilt konkret oppskrift»

Då kan han heller bruke lang tid på å planlegge sundagsmiddagen. Han står gjerne på kjøkkenet med eit godt glas vin og gler seg til at folk skal få smake.

- Skodespelaryrket er flyktig. Møtet mellom folk i teateret er berre der og då, det er ikkje der for bestandig. Det kan vere magisk når det fungerer, men så er det borte. Ein tek av sminke og kostyme, og går heim. Då er det borte.

På kjøkkenet, derimot, er det veldig herleg å kvile i noko som er fire kilo kveitemjøl og ei heilt konkret oppskrift. Og å vite at eg kan lage det igjen, og at det blir akkurat slik det skal.

Fordi eg har oppskrifta.

Sven Nordin: Portrett av Sven Nordin til Vintermagasinet 2019
Sven Nordin: Portrett av Sven Nordin til Vintermagasinet 2019
Sven Nordin og Nils Vogt vart kjent som duoen Nils og Karl i Mot i Brøstet. Her frå få dei gjorde . Litt av et par, med Riksteateret i 2014.
Sven Nordin reiste landet rundt med framsyning om å vere far. No har han fullført ein ny turnè om å vere bestefar.
Sven Nordin i rolla som grinebitaren Ove. Suksessromanen En mann ved navn Ove vart til både film og teater , og teaterversjonen turnerte Norge i regi av Riksteateret.
Sven Nordin spelte faren som aldri blir voksen i filmen Sønner av Norge.