Dessutan har me Donald Trump, ein vandringsmann i kriser. Han skaper gjerne nye så ofte han kan.
Dessutan har me Donald Trump, ein vandringsmann i kriser. Han skaper gjerne nye så ofte han kan.

Alle krisers mor

ME LEVER I ei krisetid.

Berre sjå deg rundt. Palestina, Brasil, Persiabukta, Afghanistan, Venezuela. Brexit og Angela Merkel. Her heime opplever me at både RBK, Brann og regjeringa Solberg er i stadige kriser, noko som skuldast dårlege kampresultat, trenarskifte og mediekåte politikarar med høge ego.

Dessutan har me Donald Trump, ein vandringsmann i kriser. Han skaper gjerne nye så ofte han kan. Berre for moro skuld, ser det ut som. Han kan knapt ytre seg utan at det blir full skjering. Som då han nyleg ville kjøpe Grønland, noko som straks utløyste krise i tilhøvet mellom USA og Danmark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med slike vener, kva skal me då med fiendar, kommenterte hans allierte, president Donald Tusk i Europarådet ved eit slikt høve.

NO ER IKKJE eg så oppteken av dei store krisene. Dei tek andre seg av. Eg er meir oppteken av dei mindre krisene, dei som berører oss direkte. Dei som me føler på kropp og sjel.

I skrivande stund er me enno ikkje komne oss gjennom Gastromatkrisa. Du veit, krydderblandinga som har vore borte frå norske butikkhyller sidan mars månad. Den følgde tett etter O’Boykrisa i 2018, som heldigvis råka Sverige hardast. Begge desse krisene viser kor ille det er å bli fråteke noko ein er avhengig av. For mange vart livet utan hardt. Veldig hardt. Abstinensen reiv og sleit i folk, og det blir fortalt at enkelte måtte oppsøke fastlegen sin for å få hjelp. I begge tilfella utvikla det seg ein svartebørsindustri på Finn og sosiale media, der sjokoladepulver og krydderblandingar vart lagt ut til sals for skyhøge summar.

TIDLEGARE I 2018 hadde me to heilt andre kriser. Fôrkrisa og Co₂-krisa. Fôrkrisa var den mest alvorlege, den skuldast det turre vêret og at bøndene ikkje fekk fôr nok til dyra sine. Ikkje berre her heime, men også ute i Europa. Dette var inga tullekrise, den førte til at mange bønder sende buskapane til tidleg slakt. Noko som førte til overproduksjon av kjøt og mangel på meieriprodukt.

Oksygenkrisa same året var reell nok for dei den gjekk ut over. På grunn av ein teknisk feil vart det stans i produksjonen av Co₂, noko bryggeria treng for å lage øl og mineralvatn. Ei stund såg det ut til at bryggeria – og dermed også butikkane, kunne gå tomme i den varme sommaren. Er det noko Ola Nordmann fryktar, er det tomme ølhyller. Oppmodingar om ikkje å hamstre bit ikkje på oss i slike tilfelle. Ølproduksjonen under årets fotball-VM var ei stund truga. Det same var juleølet.

No gjekk det ikkje verre enn at det norske ølet vart berga av eit tankskip som kom seglande frå ein eller annan stad fullasta med oksygen. Dermed vart krisa avblåst, og mange nordmenn kunne slappe av. Dei slapp med skrekken, denne gongen og.

DEN STORE KRISA, alle krisers mor, er likevel smørkrisa, som råka oss hausten 2011. Ingen av krisene etter tusenårsskiftet har råka oss så sterkt som den. Og ingen har fått større publisitet i media. Den skuldast fleire ting. For det første hadde Tine av ein eller annan grunn produsert for lite mjølk her i kongeriket. Og dermed vart det og produsert for lite smør. Samstundes gjekk store deler av folket i panikk over på lågkarbodietten, – Fedon Lindberg, veit du. Dermed skulle dei berre ete feitt, godt smør og alt kjøt dei makta for dermed å gå ned i vekt. For mange skjedde det motsette. Meierismøret vart rive bort i butikkane. Glisne hyller møtte husmødrene som skulle ha godt smør til julebaksten. Dermed hamstra dei resten. Før jul var det tomt.

Smørkrisa vart kommentert heilt opp på statsministernivå. «Slik kan me ikkje ha det i Norge», sa Jens Stoltenberg som avsto frå smør på brødskivene i rein solidaritet. Ja, krisa vart endåtil tatt opp på ein pressekonferanse om tildelinga av Nobels fredspris. Dei store avisene skreiv knapt om anna. Naudimport av svensk smør vart ingen suksess. I utlandet lo dei av oss. Og pressesjefen i Tine måtte gå frå jobben.

Artikkelen held fram under annonsen.

EIN GOD KOLLEGA satsa på lågkarbodietten, og gjorde dermed sitt til krisa. Han gjekk over til eit kosthald der det berre var ekte vare som galdt, meierismør og biff, og gjerne med raudvin til. Denne dietten skulle gjere susen for å få til vektreduksjon, noko fleire av oss nordmenn kan trenge.

Men verka det? Medan vekeblada fortalde om den eine etter den andre som hadde slanka seg med Fedon, vart kollegaen min berre rundare og rundare. Eg måtte difor til slutt spørje om han hadde opplevd nokon vektreduksjon av å ete så mykje rein og ekte mat. Nei, måtte han innrømme, det var det motsette som hadde skjedd og han hadde difor gått bort frå heile forsøket.

TIL SLUTT HAR du dei krisene som berre råkar deg sjølv; kjærleikskrise, 40-årskrise, pengekrise o.s.v. Dei råkar hardt, men går før eller seinare over. Snart smiler livet atter til deg.

Moralen er: Opp med hovudet! Og alt med måte. Hald deg til eit rimeleg forbruk av Gastromat, O’Boy, øl, biff og meierismør – så skal det gå deg godt og du skal leve lenge i landet.

God haust.

Sigve.