Rebecca Lofft.
Rebecca Lofft.

25 års feiring i fullsett kyrkje

Sundag feira Gol stavkyrkje at det er 25 år sidan den vart vigsla av biskop Sigurd Osberg. – Dagen vart ein suksess, meiner sokneprest Jan Olav Skinnemoen.

Stavkyrkja var smekk full under høgtida, og stavkyrkja vart feira med folkemusikk, kaker og taler.

Med tre prestar på laget

– Det vart ei veldig fin feiring og ein flott dag. Det er eit veldig spesielt bygg, og ei kyrkje som berre blir nytta sommarstid grunna kulda om vinteren – så me var heldige med vêret også, seier sokneprest Jan Olav Skinnemoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Liturgien til gudstenesta er laga av Jo Asgeir Lie, og dei hadde med seg fleire dyktige musikarar til markeringa. Mellom anna Rebecca Lofft på hardingfele og fiolin, Birger Liahagen på trekkspel og kvedaren Gunnlaug Lien Myhr.

Men det høyrer med når ein har folkemusikkmesse.

– Og så var me tre prestar, fortel Skinnemoen med eit smil. – Det var Joar Kjellevoll og min forgjengar, Arne Lie og meg. Lie var også i si tid med på vigslinga. Me hadde ein liten prosesjon inn fyrst, og alt i alt var det ei veldig fin oppleving og ei fin messe, fortel han.

Det var stor stas då Gol stavkyrkje vart vigsla 10. juni 1994. På biletet biskop Sigurd Osberg, prinsesse Ragnhild fru Lorentzen, Torbjørn Rustberggard og kyrkjeminister Gudmund Hernes.
Det var stor stas då Gol stavkyrkje vart vigsla 10. juni 1994. På biletet biskop Sigurd Osberg, prinsesse Ragnhild fru Lorentzen, Torbjørn Rustberggard og kyrkjeminister Gudmund Hernes.
I 1846 laga Jonas Nicolai Prahm denne teikninga av stavkyrkja i Gol.
I 1846 laga Jonas Nicolai Prahm denne teikninga av stavkyrkja i Gol.
Kyrkja på Storøyne i Gol er ein kopi av Gol stavkyrkje på Bygdøy.
Kyrkja på Storøyne i Gol er ein kopi av Gol stavkyrkje på Bygdøy.

Tale frå byggjarane

Etter messa fortalde utbyggar Torbjørn Rustberggard og byggeleiar Håkon Skrindo om prosessen. Det var Rustberggard som tok initiativ og fekk bygd ein kopi av Gol stavkyrkje på den aktuelle tomta på Storøyne.

– Skrindo fortalde litt om bygginga og om sjølve kyrkjebygget, kva me kunne sjå rundt oss inne. Så gav han ordet til Karin Stang som var ansvarleg for tekstilane i kyrkja. Det var fint at dei var der og snakka, når dei hadde hatt så mykje med bygginga og utsmykkinga å gjera, seier Skinnemoen.

Jubileet vart avslutta med kaker og helsingar under kyrkjekaffien.