Trøbbel med høgspent-spenn - folk utan straum

Eit nedrive høgspent-spenn har ført til at ein del folk i Flå ikkje har straum måndag. Hallingdal Kraftnett melder at ved 13:15-tida at dei fleste kundane har fått tilbake straumen, men ikkje alle. Dette gjeld mellom anna kundar på Turufjell og Heimoen.

– Det er venta at alle skal ha normal forsyning att innan klokka 16, melder Hallingdal Kraftnett.