Det vart lange køar på Rv7 etter kollisjonen ved Ørgenvika laurdag.

Seks personar involvert i frontkollisjon på Rv7 - skadde utanfor livsfare

To vaksne og eitt barn vart hardt skadd i ulykka.

Politiet melde klokka 16.37 om kollisjonen på Rv7, ikkje langt frå Ørgenvikatunnelen.

To bilar hadde då frontkollidert, etter at den eine hadde kome over i motsett køyrefelt. Seks personar var involvert, fire personar sat i den eine bilen, to i den andre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Luftambulanse og fleire andre ambulansar kom raskt til staden, og fire av dei involverte vart frakta til Ullevål sjukehus; to vaksne og to barn. Tilstanden vart laurdag omtalt som kritisk for tre av dei, dei to vaksne og det eine barnet. Tilstanden var ikkje kjent for det andre barnet som vart sendt til Ullevål.

Sundag melde NRK at dei tre som vart kritisk skadd er utanfor livsfare.

Dei to siste personane som var involvert i ulykka vart frakta til Ringerike og Drammen sjukehus.

Vegen vart stengt i ein lengre periode etter ulykka, og det danna seg lange køar i begge retningar. Klokka 18.30 vart vegen opna att. Det skal vere snakk om store materielle skadar på begge køyretøy.