Webkamerabilete frå Breistølen torsdag kveld. Dei fleste vogntoga hadde kome seg vidare over fjellet for eiga maskin.

Kaos på fjellet - cirka 25 vogntog stod fast på glatta

Vegen over Hemsedalsfjellet var stengt i fleire timar torsdag ettermiddag og kveld. Først ved 18.30-tida vart den opna att.

Ved 16-tida melde Statens vegvesen at Rv52 over Hemsedalsfjellet var mellombels stengd. Årsaka var bilberging i bakkane opp frå Borlaug mot Breistølen på vestsida, på ein glatt vegbane.

Mellom 20 og 25 trailerar vart ståande fast i bakkane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det begynte med at ein personbil snurra og gjekk i grøfta på polert snødekke. Det er vanskeleg å få strøsanda til å liggje når det er polert, seier trafikkoperatør Ketil Molvær ved Vegsentralen vest til VG.

Personbilen vart henta opp av grøfta. Ein strøbil reiste opp på fjellet, og ifølgje Molvær hadde mange vogntog kome seg vidare for eiga maskin då bilen kom på strørunde nummer to.

Hald deg oppdatert på vegmeldingane her.