To nye tilfelle av koronasmitte i Nesbyen

Torsdag morgon melder kommuneoverlege Nils Høva om to nye positive prøver i Nesbyen. Kommunen er no oppe i 15 personar som er koronasmitta.

Ifølge Høva var desse to allereie i karantene då dei testa positivt, på grunn av at dei hadde vore i nærkontakt med ein bekrefta koronasjuk person.