Feire vogner på godstoget spora av ved Oldebråten i Flå torsdag ettermiddag.

Bergensbanen open att etter avsporing i Flå

Laurdag klokka 10:40 opna Bergensbanen att mellom Nesbyen og Flå laurdag.

Banen har vore stengt etter at eit godstog spora av torsdag ettermiddag ved Oldebråten i Flå. Ingen personar vart skadd i avsporinga, men seks vogner spora av.

Havarikommisjonen for transport var fredag kveld ferdig med sitt arbeid på staden, og berginga av dei avspora vognene var avslutta. Vognene vart trekte inn til Flå stasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utover fredag kveld og natt til laurdag var mannskap frå Spordrift i gang med å utbetre sporet. Om lag 300 sviller måtte byttast og 160 meter spor måtte leggjast på plass før det kunne gå trafikk på strekninga. Kontaktledningsanlegget var ikkje skada.

Klokka 10:40 laurdag var arbeidet gjort og banen open att, melder Bane Nor.

Les også
Berginga av togvognene i gang - 300 sviller må byttast
Les også
Godstog spora av i Flå - uvisst kor lenge banen blir stengt
Les også
Mange har kontakta lege etter bading på Trytetjern - flest småbarn