Presiseringar om Leveldåsen

I torsdagsavisa hadde me ei sak om tilkopling frå det private slamanlegget frå hyttene på Leveldåsen til det kommunale avløpsanlegget som skal skje til hausten.

Styremedlem Ole Tor Oleivsgard i Leveldåsen AS ber om eit par presiseringar. Han opplyser at det ikkje har vore forureining frå slamkummen på fire kubikkmeter som vart bygd for fire-fem år sidan. Pålegget frå Ål kommune om å byggje ny slamavskiljar på 9 kubikkmeter ved sida av den eksisterande før 20. februar i år, kom fordi den opphavlege kummen var for liten. Då var det var naudsynt med akutt tiltak for å unngå forureining.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare opplyser Oleivsgard at den opphavlege planen var at Leveldåsen skulle ha privat avløpsanlegg permanent. Tilkoplinga til det kommunale kom på dagsorden etter at Ål kommune bestemte seg for å byggje ny kommunal avløpsledning frå Leveld til anlegget ved Oppsjø.

Oleivsgard opplyser også at det vart halde kulturminneregistrering i området i fjor haust, og at området vart frigitt. Vedtaket i Ål kommune om å stanse arbeidet dersom det blir funne verneverdige kulturminne, gjeld under arbeidet med tilførselsledningen til den kommunale avløpsledningen som er under arbeid.