NRK-programleiar blir redaktør i Sogn Avis

Programleiar Arve Uglum i NRK-programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» blir ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Sogn Avis.

Uglum (45) må fullføra arbeidet sitt hos rikskringkastaren før han startar i jobben i den nyoppkjøpte Amedia-avisa 1. november.

– Slike sjansar kjem ikkje ofte. Eg er imponert over jobben Sogn Avis har gjort med å digitalisera avisdrifta dei siste månadene og har kome fram til at dette vil eg vera med på. Eg er takksam overfor styret som gir meg denne sjansen, seier han i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

NRK-programleiaren som er busett i Sogndal, har tidlegare jobba i Sogn Dagblad og Årdal og Lærdal Avis. Sidan 2014 har han jobba med TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon skulle bu» i NRK, og å tilpassa denne til ein digital mediekvardag.

Med seg i ein redaktørduo får han med seg Eli Grotle, som har vore konstituert som redaktør sidan Jan Inge Fardal byrja i Nynorsk pressekontor ved årsskiftet. (©NPK)