Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby helsa torsdag på elevar ved Luhr skule på Lørenskog.Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Kunnskapsministeren: – Ingen ventar at nye planar skal vere klare frå tysdag

Kunnskapsminister Guri Melby (V) lét seg imponere av både elevar og tilsette då ho torsdag besøkte torsdag Luhr skule på Lørenskog.

Onsdag varsla regjeringa at dei lettar vidare opp i smitteverntiltaka på skular og barnehagar. Frå 2. juni kan heile skuleklassar vere samla, uansett storleik på klasserommet.

Torsdag var statsråden på skulebesøk på Luhr skule på Lørenskog. Der fekk ho snakka med elevar og tilsette som kunne fortelje at dei har hatt det godt, sjølv om skulekvardagen har vore annleis enn kva dei har vore vande til.

– Eg blir så imponert over den jobben som har vorte gjord på skulane, både i den perioden der vi har måtta halde stengt og då vi opna opp og innførte strenge smitteverntiltak. Skulane har greidd å gi god opplæring samtidig som ein har følgt strenge smittevernreglar, seier Melby.

Ho seier at ho håpar mange lærarar i barnehagar og skular, som har jobba mykje, tek seg fri i pinsa.

– Det er ingen som ventar at det skal lagast nye planar som skal vere klare frå tysdag. Ein kan fint bruke neste veke på å planleggje ein ny skulekvardag.

– Eg både trur og håpar at dei nye rettleiarane vil bidra til at barn og unge igjen får ein meir normal kvardag, og at tilsette i barnehagar og skular får meir føreseielege arbeidsdagar, slik at dei kan planleggje og gi eit best mogleg tilbod.