Imingfjell er vinterstengt

Frå i dag, sundag er vegen over Imingfjell vinterstengt. (Arkivfoto)

Fylkesveg 2814 over Imingfjell er vinterstengt. Det melder Statens vegvesen sundag føremiddag.

Etter planen skulle fjellovergangen mellom Uvdal og Tinn stengast for vinteren måndag 2. desember klokka 12.00. Men no har Vegvesenet framskunda stenginga med eitt døgn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegen har vore stengt sidan torsdag, fyrst på grunn av uvêr, og frå laurdag på grunn av oppryddingsarbeid.

Sundag klokka 10.37 kom meldinga om at vegen no er stengt for vinteren. Vegen opnar att 1. april 2020.