Henriette Emdal Petersen er marknadskoordinator for Destinasjon Hemsedal og står i spissen for Pliking Day i Hemsedal denne helga.

Håpar du tek med tursko og søppelpose

Har du tenkt deg til fjells i helga? Då oppmodar Hemsedal turistkontor deg til å ta med søppelpose og hanskar i sekken. For nokre år sidan vart «plogging» ein trend. Fenomenet der ein plukkar søppel på joggetur starta i Sverige og spreidde seg som ei populær treningsform rundt om i verda. No har «pliking» også kome. Det kjem frå engelske «hiking», og oppmodar folk om å ta med seg posen og plukke søppel på tur i skog eller fjell. I samband med «World Clean Up Day» oppmodar Hemsedal turistkontor deg til å ta med søppelpose og hanskar og plukke søppel du finn på turen. Den frivillige organisasjonen bak WCUD, oppmodar folk over heile verda til å plukke søppel i nærområda sine, og i år er datoen 19. september.

Storehorn (t.v.) og Kjerringkjeften (t.h.) i Hemsedal.