Halling omkom i ulykke

Stian Etterlid (31) frå Ål omkom i ei ulykke på E6 i Vestby.

Han fekk alvorlege skader etter ein kjedekollisjon der ni personar vart skadd, med ulik skadegrad.

— Han stod i ein kø på grunn av ei ulykke lenger framme, og vart påkøyrd bakfrå, seier avsnittsleiar ved etterforskingsseksjonen ved Follo politistasjon, Svein Brage Husdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei kvinne i 20-åra som var passasjer i bilen er alvorleg skadd. Dei vart begge sende til Ullevål sjukehus der Etterlid seinare døydde av skadane. Fire bilar var involverte i ulykka som skjedde i nordgåande felt ved Follotunnelen 3. januar.